Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
KN UDA HEI BREV
175
gamle Bondebyrgskapen sovnande. Skal han vakne
upp att nokon Gong? — Ho døydde ung, ho med.
Det gjeng mykje so. Amerika, Byen, Kyrkjegarden,
det er dei vissaste Vegane for Ungdomen paa Jæren i
desse Tidir.
— Der kjem Büje. Buskapen. Ja-ja; det lid paa
Kveldykti; Heimhugen vaknar. Raudsidute og
raud-flekkute, svartsidute og svarte, blaadröplute,
graa-skjengjute, kvite, alle kollute, ruslar dei her millom
Tuvur og Stein. Fint Büj. Det gamle Slage; kunde
mest vera Garborgs-Buje fraa mi Tid. Og truverdigt
er det. Søkjer heim i rett Tid. Veit kje av Sætrar
eller Romantik; heime er best; i det gode gamle Fjose
paa Undheim. Det raskar i seg eit Grand Etter-Non
i Myri ovanum Stogo mi; sidan ber det ned i
Kvelds-beite. Det gjeld aa brüka Tidi; Mjølki tek alt til aa
sprengje paa.
Sümarfridomen fraa gamle Dagar er gløymd; Markine
hev vorti inngjerde. Fyrr var her fritt og vidt; Buskap
fann Grannebuskap, og der vart mykje Kjenskap. No
er det Stengje og Steingjerde all Stad, so skrale dei
er1; og fraa Vaaren av er det Gjætarar. Kvar litin
Buskap vert upplærd til aa halde seg i si eigi Mark.
Og det lærer dei alle, og saknar ikkje Fridomen.
Smalen, stakkar, som vyrder Gjerdi mykje mindre
enn Kui gjer, lyt finne seg i Vilkaar som er verre:
kvar Sau gjeng og hinkar med Hapt. Og daa kjem
han ingin Staa yvi. Utan han finn ein Stad der
Gjerde er ned velt; men den Staden finn han ikkje
naar han skal attende att; og so vert det berre Møda.
Mykje Møde hev Sauden au serskilt med desse Lombi.
Dei er tankelause, desse Smaaingane, og flyg og fantar
kvar som helst. Vil nok gjerne fylgje Mor-Jure.
Men kjem rett som det er av Leid, daa visst so
1 Siden hev det vorti Staaltraadgjerde ovanpaa Steingjerdi.
(Merknad 1909.)
Hapt (Haft, Hoft): Fotband, „Hilde".
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>