Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
174
KNU DAH EI BREV
han i 1872 ein ny Bautastein med Innskrift paa danskt
Maal. Naah! i Dag vil eg tenkje paa andre Ting . . .
— For deg høyrest det vel utrulegt at me her paa
denne fæle stygge Jæren hev Kunstmaalarar. Kvar
Sümar kjem dei. Færre og fleire. Ikkje berre
Ungdomar som skal temja seg upp; nei, Folk av vaare
beste. Trur du meg ikkje kann eg døyve deg med
eit Namn som Eilif Peterssen. Og det som er det
utrulege: dei maalar ikkje berre Sjø og Strand. Æar
og Bruir, Engir og Laavar, Bondegardar og alt som er
vert Emne for Kunst; og læt seg bruka til Kunst,
endaa det er fraa Jæren. Ja um eg skal vaage meg
fram med alt: sjølve svarte Torvmyrane vert maala.
Med Torv og alt. Nysköri Torv, reist Torv, røykt Torv,
stekkt Torv, alt er godt nok; alt er vent. Jamvel ei
Dame av den fine Kiellands-Ætti held seg ikkje for
god til aa gaa i Torvmyri og maale. Og Torvmyri vert
Poesi so svart ho er. Ven vert ho. Noko som er til
aa sjaa paa og til aa hyggje seg i. Me Jærbuar gjeng
og glor paa dette og skjek paa Hovudi; tru dei vert
reint galne no? Men so er det so forunderlegt.
Stundom er det som me mest ... ja. Me lyt
vedkjennast, at baade Sjøen, og det um han gjeng stygg, og
Strandi, og det um det so er berre Drivsanden, og
sjølve Lyngheidi, ja tilmed Torvmyri, — forsyne meg
vert ikkje sjølve Torvmyri ven’e. Ja ein kjem opp-i
mangt. Dæ sko nogen ha funne paa slikt for et Tju’
Aar sian! —
Augo sviv att og fram og Tankane fylgjer; Minne
vaknar all Stad. Der budde h o. Kva hadde det vorti
av det, tru? Det var godt Blod. Bonde-Adel. Ein
Dag hadde ho sagt: tak Garden din og ver Mann;
ikkje vil eg vera Klokkarköne. Um daa eg hadde
havt so mykje Vit? — Der budde den alrafyrste.
Ho hadde visst likso snart gift seg med ein
Skule-meistar. God Ætt der med. Men av-veikna. Den
Æar: Fleirtal av Aa.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>