- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
177

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KN UDA HEI BREV

177

Tid. Ho raar i Fugleheimen som Kapitalisten i
Mannheimen.

Kva skal ein segja? Folk er halvville enno; og

mange Eldar det trengst for Sann,
fyrr Troll og Dyr kann mykjast til Mann.

Verdi skeivlar i Veg den. Og me fær vera norske
her som elles og ikkje gjera noko fyrr det er for
seint, — veit eg.

II.

Knudaheio 2. 6. 99.

Du Steinar!

Mangt er umskift. Men alt skifter. Og er sitt
same likevel.

Eg er au min same. Jærbu som fyrr, med alle
mine Umflakkingar. Og Lande er sitt same. Med
alle Umskiftingar. Det tyt um Novine som fyrr. Og
d’er det det skal gjera. Eg vert uroleg naar det er
stilt. Sit og lyder og undrast: kva er no tids? Men
so er det kje lengi, so blæs det att. Og dermed er
eg trygg og heime.

I Fyrstningi var det annarleis. Vinden svævde meg;
eg kunde sitja og prikke med denne Pennen og visste
av ingin Ting; so skvatt eg upp av ein Smikk: der
laag Pennen i Golve. Eg hadde sovi. Men no er eg
meg sjolv att. Det er ikkje stilt aat meg naar det
ikkje blæs. Ja i Morgonstundi, som no daa eg gjeng
og steller, med Kaffi og slikt, daa kann det vera stilt

tids: paa Ferd.

12 — Garborg. VII.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0185.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free