Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
178
KNU DAH EI BREV
so mykje det vil; og like eins um Kvelden naar eg
skal sova. Men skal ein arbeide maa det blaase eit
Grand. Det er tryggare daa. Naar det blæs høyrer
ein liksom at Vaarherre er vakin.
Ja; no kjenner eg meg att. Her er eg fødd og her
er eg börin. Kannhende var eg inntekin ei Natt.
Men det hev vori berre den Natti.
Den friske Torvlukti ligg yvi Lande som fyrr, mengd
med Lyngdaam og Sjødaam. Det er utrulegt at
Sjukdom og tunge Tankar skal hava Magt her. Denne
ljose sterke Blaadagen skulde kunna drive Fenden.
Og so gjeng Folk og døyr av Tæring og vert galne
av Hel-Rædsle. D’er Uraad slikt. Eg trur ikkje
paa det.
Att og fram millom Koven og Kjøken driv eg med
mitt Morgonstell; er burtmed Vindaugo stundom og
drikk Luft, Luft som minner um kvit Vin; eller eg
skvett burt-um Borde og skriv litegrand; aa, um ein
kunde binde slik ei Morgonstund med Bokstavar. Her
er so lett og fint; her er so lysande blaatt; eg skulde
hoppe paa Rim, eg skulde danse paa Vers; ja som hin
Hauge-tekne Stavangerskomakaren fraa mi Barndoms
Tid skulde eg „jubla, jubla"! Lande ned-yvi ligg brunt
og ^ungt, ringa inne av Sjø og ljose Fjell; og Viba
krysser og Lerka kved; ikkje sitja inne i Dag; ut med
deg, Farr!
All Ting liver og trivst. All Stad grønkar Aaker
og Voll; det glitrar og blinkar fraa Æar og Vötn;
Garborgs-Aasen solkar seg god og trygg; ut, ut; ut
og heim! 1 Dag vil eg til Garborg.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>