Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
194
KNU DAH EI BREV
III.
Knudaheio 10. 9. 1900.
Du Steinar!
Eg kjem nordantil denne Gongen. Fraa Kolbotnen
gjenom Foldalen yvi Dovre og Lesja til Romsdalen, og
derifraa til Sogn; og so sør-yvi.
Det var ei Herreferd. Di meir ein ser av dette
Lande, di kautare vert ein for ein kann kalle det sitt.
Eg veit ikkje kva som er gildast: det byrge, breide,
stormegtige Uppland aust og nord, eller det urolege,
mangeleis skiftande Vestlande: stundom trongt, krapt,
villt, og so braafagert, draumvent, stigande av Hav i
den høge Luft som eit blaatt, forvillande Æventyr. Og
all Stad er der noko nytt. Alltid er der noko du aldri
hev sétt fyrr. Nordvestlande saag eg fyrste Gongen
no; det daara meg stundom reint. Draumtryllt stana
eg meir enn ein Stad: her var Bustad og Borg for ein
norsk Konge! —
— No skal eg Landvegen aust-yvi att. Kor langt
det no vert. Eg freistar Vegar og Framkjømdir, ser
du, vil sjaa um eg kann faa det stuttare millom
Gardane mine enn det er. Og serleg um eg kann koma
undan Turisten. Men Norig er endelaust kvar ein
kjem. Og meir og meir turist-éti.
I Gaarmorgo vakna eg i Stavanger. Mitt gamle
Jerusalem. Med Temple; og med Valberg-Taarne til
Sion; og med Breiavatne, som visst til sine Tidir var
Betesda Dam. Og med mykje rart som ikkje var
fraa Bibelen, som Kongsgaard, og Kongsgaardhagen, og
Torjo, og Habnen med Baatar og Skip, og Thesen, og
Skansen, og Østervaag, og Kjeringholmen, og
Jorine-holmen, og Spisskortero, og tri Bokhandlarar, og han
Hans Bø, og alt som gildt var. Eg vart elles leid av
Torjo: Torgi. — T h e s e n : kjend Kaupmann i mi Tid.—
Hans Bø: Kjenning og Skylding; der Joserte" me, naar me
var i Bven.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>