- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
193

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KN UDA HEI BREV

193

Diktarkransar og Lyktemannsljos og alt som utrulegt
var, — kunde den faa Rom her? Og det godt Rom,
ikkje rettare eg hugsar?

Ja Verdi er forunderleg.

— Dei bad meg ut i Buo, der Kaffi og Mat var
sett fram. Buo maa vera større, tenkjer eg, og ser
meg ikring daa eg kjem der ut. Den er endaa mindre.
Mykje mindre. Kann dette hange rett ihop. Det er
meir ukjennelegt au her enn inne. Skatoli til Far og
Mor og Farbror er burte, og Kistur og ein Kommode
er komne i Staden; paa Veggine er ukjende Bilæte;
og Golve er so urimeleg trongt. Men daa eg fær sett
meg til Rettes og er komin i Lag, so vert det no den
gamla Buo likevel daa. Og der ut-i det vesle
Bua-Kammerse, der var det han Farfar laag Lik. Men her
inne stod han Farbror med Hyvlabenken og arbeidde
Kista. Den andre Kista . . . den arbeidde han vel
au her. Og mi; kor lengi kann det vara fyrr han lyt
til med den — naah.

Meir og meir kjem eg inn i alt dette som er mitt;
og denne uvedkomande framande Byfyren med det rare
Namne og alt hans Papper og Blekk, han glid unna
for meg som ein Skugge. Som eit Bilæte; noko som
høyrer heime millom dei andre Barnedraumane. Han
Aadne ’ans Eivind er det som sit her og fær seg Mat,
og snakkar med enna Anna ’ans Tønes og ’an Jens
Lende . . .

Og likevel er eg ein framand som høyrer og segjer
nokre velmeinte Ord og dermed maa ut att. Dette
„heime", er det til Slutt anna enn ein Draum? Og
denne „eg sjølv", er det han Aadne ’ans Eivind med
sine Barnedraumar, eller er det denne andre med hans
Papper og Blekk? —

— So kom den Stundi daa eg laut takke for i Dag
og segja nytt Farvel til Barneheimen.

13 — Garborg. VII.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0201.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free