Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
196
KNU DAH EI BREV
med. Det hadde minka; og dei gamle rare
Bergknausane paa Austsida var burte; Samtidi, d. e.
Jønn-vegen, hadde kravt sitt. Som eg hev skrivi um fyrr
ein Gong, og det paa Gudsord’. Men det som
Stav-angerbladi ein Gong klunka paa: at Breiavatne
(„Bredevandet") skulde bli fy 111 og utjamna til Spantegang og
Svingerom aat Byfolke, hadde dei ikkje fengi fram, som
vel var. Og Domkyrkja tek seg betre ut enn fyrr.
Ho er ikkje so innebygd som i mi Tid; og Korveggen
er reinska for den fæle gamle Kalksmyrja. Det fagre
bilætprydde Kor-Glase som Gate-Ungane fyrr brüka til
Skjoteskivu naar dei var ute og kasta Stein, er sett
i Stand att; Stavanger hev her gjort eit Arbeid som
det hev Ære av.
Eg stansa framfor Korveggen. Det liksom vakna i
meg; eg trur mest eg las ei Bøn. Der er i desse
gamle Byggverk ei Magt som me ikkje skynar no. Det
er som Æveheimen sjølv gjenom deim stig fram; ein
bøygjer seg naar ein ser deim. Hugmjuk og
aalvors-full gløymde eg alle mine Kvardagstankar; og daa
Orga tok til aa bruse, hugsa eg at det var Sundag og
gjekk inn.
Men eg kolna der inne. Der var „restaurera". Rett
var det visst; tvilar kje paa det. Men gali likevel.
Myrkt, livlaust, protestantiskt. Eg kjende kje Kyrkja
att. I mine Barndomsminne var ho so reint annarleis.
Glans som i Salomons Tempel; Gull og Fargar;
himil-blaatt, blomsterkvitt, blodraudt; rare, lysande Bilæte;
Utskjeringar, barnsleg Draum: Andlit, Fuglar, Hjul, Skip;
Mystik fraa Profetar og Openberring; ikkje rett teikna
visst; sumt stygt kannhende; men Glans, Glede,
Einfelde var der; ikkje dette stive, myrkje; ikkje denne
Synagoge-Aand. Eg fraus der eg sat. Berre svart,
stavangerleg Lutherdom. Og svarte protestantiske
Kyrkjestolar. Kyrkjestolar fraa øvst til nedst. Dei vil
1 „Fra det mørke Fastland", Kr.ia 1863.
spanta: spadsere (stolteleg).
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>