Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
KN UDA HEI BREV
197
sitja, dei lutherske. Paa den grundige, dugelege Enden
sin. Dei som bygde Kyrkjur som denne hev meint, at
framfyri Guds Aasyn fekk ein Mannakrok takke til um
han fekk liggje paa Kne; me vil sitja. Naa. Vaarherre
finn seg i det.
1 katolske Land plar Kvende og gamle Folk hava
smaae lette Utslagsstolar med seg aat Kyrkja naar dei
vil høyre Preike. Men her er mest alt Preike; og
Kyrkja maa hava sitt faste Stoleverk. Og daa
stav-anger-lutherske Preikur kann vara i Timevis, so lyt
det til. Eg segjer kje um det. Men i denne
Domkyrkja fraa Sigurd jorsalfars Tid . . . naa; for meg
vilde all denne Lutherdomen ikkje høve.
Det vart spéla, songi, preika; eg var ikkje med. Er
det kje rart: ut-i Framandlandi kann ein stundom kjenne
seg meir heime enn i Heimlande. Dei stille store
Kyrkjune ned i desse ugudelege katolske Byane,
Firenze. Rom, Neapel, jamvel Paris . . . som ein der
kann kvile, kjenne seg rein, fri, lyft; liksom vigd; Verdi
kjem burt; ein er som i Fyrihalli til Himilrike. Men
her skal ein sitja og høyre paa Utleggjingar av tysk
Teologi og Dundringar mot „Nutidens Vantro". Framandt,
kaldt vert det i desse Kyrkjune, jamvel um dei er fraa
Sigurds eller Olavs Tid. Aa, all denne Framanddomen!
Alt broti, sundrivi, sund-havt; alt Samanheng burte.
Det er Tid mot Tid og Brot mot Brot og framandt mot
heimslegt alt fort: me norske vert liksom meir og meir
bygde ut or Lande.
Eg høyrde nokre kjende Ord um „Tidens
nedbrydende Tendenser". Aa-ja; „nedbrydende Tendenser"
er her nok av. Eg reiste meg stilt og rusla. Daa eg
kom ut svinga eg burt-um Kore att. Og der, utanfor
Kyrkja, framfyri det storfagre Byggverke der sjølve
Steinen hev vorti Aand. i Solglansen fraa Breiavatne,
under Fuglekvitr fraa den vesle vene Parken, var eg
meir i Kyrkja enn eg hadde vori der inne.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>