Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
KN UDA HEI BREV
205
Seigare for Erling aa dragast med vart Trælesonen
Tore Sel som Olav hadde sett til Aarmann paa
Ag-valdsnes paa Karmøy. Og so kom Hendingane med
Aasbjørn Selsbane; dei øydde det som enno var att
av Freden millom Kong Olav og Erling. Enden vart
at dei kom i Slag med kvarandre her nordanum
Tungenese — berre paa Lognvetne kunde dei halde
Sjøslag i dei Tidir —; Olav hadde steilt seg sløgt og
vann. Og han baud Fred; vilde gjerne hava Fred.
Hadde fengi sjølve Knut den megtuge aa dragast med,
so no kunde Rygjakongen bli god aa hava paa si
Side. Og Erling tok imot Tilbode. Men der var noko
smaavori hjaa Olav Haraldsson som no braut seg
fram; han „merkte Drottins-Svikaren" i Andlite med
Økseggi. Daa fekk Aaslak Fitjaskalle Mod til aa
hugse det vesle som han hadde ubytt med Erling
Skjalgsson; han for fram og kløyvde Hovude hans
attanfraa; hogg dermed „Norig av Olavs Hand". For
Olav var dette Løn som fortent; for Norig var det
ille. Men Norig lyt finne seg i kva-som-helst. —
— — Erling høyrde til den gamle Tidi. Og den
heldt han uppe i Rogaland so lengi han kunde. Det
ser me no at han hadde mange gode Grunnar til; den
Tidi som kalla seg ny, og som vart nyare og nyare alt
til i Dag, — meir og meir vondt fær den paa
Sam-vite sitt.
Den Tidi som Erling høyrde til heldt Trældomen
uppe; det er sant. Men ho var endaa ei god Tid
mot denne kristelege, daa dei rike slit sine Arbeidarar
ut og sidan læt deim gaa Fatigkassa eller Fenden i Vald.
Trælane hans Erling hadde det betre. Rimelege
Vilkaar hadde dei i sitt Trælestand; og vilde dei vinne
Fridom, so hjelpte Erling deim til det med.
Kvar Træl paa Sola hadde sitt visse Dagsyrkje, og
var fri naar han var ferdug med det. Ein Jordteig
fekk han til aa dyrke sjølv i sine Fristundir; det han
Lognvetne: smult Vatn.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>