- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
204

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

204

KNU DAH EI BREV

Trygveson og raadde Lande fraa Sognesjøen til
Li-dandisnes. Men han vilde ikkje hava anna
Tignar-namn enn Fedrane hans hadde havt; og det var ein
Byrgskap som Olav Trygveson hev kunna skyna.

Men Kongsdotteri hadde Erling fengi for aa byte
Tru. Og det hev han funnni aa vera ein god Handel.
Dei gamle Gudane hev han som andre Storfolk vori
ferdug med; og den nye Guden var rimeleg: kravde
ikkje stort anna enn Daap og nokre Bønir. Ja og so
skulde ein kvile um Sundagen. Og eta Fisk um
Fredagen. Men so var det ikkje verre: braut ein
desse Bodi, eller kom ein elles til aa misfara seg, so
lét den nye Guden seg sone med ei lempeleg Bot.
So at kunde ein bli Verbror med ein Konge for so
lite, so var det visst ikkje noko aa prute paa.

Sidan var Erling trugin Kongsmann. Ved Svolder
fekk han ikkje vera med. Men han heldt seg sidan
ifraa Eirik Jarl som hadde vori med Danakongen og
Sveakongen i Sviksverke mot Olav Trygveson.

Men med Svein Jarl, Bror til Eirik, samde han seg,
og fekk Son sin gift med Dotter hans. Og daa Olav
Haraldsson tok til med sin Kongsstrid, stod Erling paa
Jarlesida mot Olav.

Sidan døydde Svein Jarl. Daa møttest Erling med
den nye Kongen paa Kvitsøy her nord i Buknafjorden.
Han fann Haraldssonen mindre raust enn Trygvesonen,
og det saag i Fyrstningi ymist ut. Det vart likevel
til det at Erling gjorde som Frendar og Venir vilde:
let Kongen raade og vart Lendermannen hans.

Men Erling var ikkje nøgd med Semja og brydde
seg ikkje um ho; for i alle Maatar fram som han fyrr
hadde gjort. Kongen freista aa aga han; gav mill. a.
ein Trimenningen hans, Aaslak Fitjaskalle fraa
Sunnhordland, store Veitslur og bad han stengje litegrand
for den romfreke Rygjakongen. Men Aaslak kom ingin
Veg med dette; fann det sistpaa best aa berge seg
aat Kongshirdi.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0212.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free