- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
207

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KN UDA HEI BREV

207

Ja tenk Moses, du! Tenk han kom her til Stavanger.
Og budde paa Missjonsskulen. Og vart dregin ikring
og vist fram paa Møte og Missjonsmiddagar all Stad.
Eg veit ikkje um han lika det. Men han var den einaste
Sjæli som Sulumissjor.en hadde frelst; Moses var sjølve
den norsk-suluske Kyrkja. Det var daa rimelegt nok
at dei som hadde frelst Moses vilde sjaa ’n.

Eg hadde ikkje vori med og frelst Moses; men eg
fekk sjaa ’n likevel. Paa Sandnes-Strandi; upp-i ein
Gigg som stod der og venta; det hadde vel nettupp
vori Missjonsmøte. Han var ikkje verst svart. Snarare
var nan brun; um Lag som brend Kaffi. Men det var
visst ikkje berre Kaffi-Liten som gjorde at Kvinnfolki
saag so paa ’n. Ikkje trur eg det var dei fine kvite
engelske Sümarklædi heller; — ja for Moses gjekk
klædd no. Han var i det heile kristin utanpaa som
alle me andre, um han no alltid var finare klædd enn
me, og langt-ifraa saag so syndetyngd ut som ein frelst
Jærbu. Nei; det som drog so mange Augo, og serleg
Kvende-Augo, det var vel det at Mr. Moses var ein
staut Kar. Storstaut; høg og rak og mjuk og lett
-eit Grand holdig, lat gaa, no daa han livde so godt—;
ei rein Cirkuskjempe var han.

Og snild saag han ut; Andlite lyste og lo og
heilt-upp glein under den ljosgraae Flosshatten. Mest
gaadde eg Nosi, den breide blanke Nosi; og so
Munnen, lippemykin og mjuk, med blaakvite Tennar som
lyste. Aa, all denne heite Kraft! Afrikanskt straala
dei brunblanke Augo; og dei rulla og glima og glodde,
mest etter desse unge norske Kvendi som stod her og
saag paa ’n; for hans Augo hev dei vel vori noko
kald-bleike; d’er eit Spursmaal um han hadde kunna styre
seg so godt, um han hadde vori millom sine eigne
solvarme Sulukvende.

Men Gjentune saag paa Moses med so blanke Augo
at eg tenkte: dei tok ’n gjerne, um dei fekk ’n! Men

lippemykin: med digre Lippur.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0215.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free