Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
208
KNU DAH EI BREV
so hugsa eg at der var Fleirgifte i Sululand. Paa Lag
som i det gamle Testamente. Og det vilde visst ikkje
vaare Gjentur finne seg i. No var nok Moses komin
inn i det nye Testamente; men han kunde falle, liksom
David; so det var ikkje trygt. Elles ... eg kom til
aa hugse noko som han Mikkai Grøteim hadde sagt,
han den Raringen som i gamle Dagar stundom vanka
hjaa oss, og hadde sine Tankar um all Ting: det er
Fleirgifte her likso godt som i Jødeland. Dei rike
hev likso mange Könur som David og Salomon; det
er berre det at dei fer meir dult med det, — sa han
Mikkai Grøteim. Men slikt kunde no ikkje vera sant.
For dei rike vilde vel ikkje koma i Helvite dei meir
enn andre. Dessutan hadde ikkje Gjentune Greide paa
slikt; det var eg stød paa. Men i Grunnen kunde det
no ikkje vera faarlegt. Moses var svart. Elier
burt-imot svart. So dei kunde kje vilja hava Moses kor
galne dei var.
So brun og forlivande som han sat der i Giggen
sin kunde han vel elles ha vorti speleg nok for mange
av desse kristelege Systrane; men so kom Impress
hm, Broderen; og Giggen rulla i Veg.
Paa Storkarsvis gjekk det. Eg kann kje tru anna
enn eg letta paa Luva daa Moses drog; den
sulu-lutherske Kyrkja var vyrdeleg nok, skulde eg tru, um
ho berre var Moses. Ikkje nok med at ho hadde sin
eigin Bisp; ho var rik. Ho hadde Innkomur i
hundrad-tusundvis av vaart arme norske Vestland.
Ein Ting maa serleg me norske takke Sulumissjonen
fyri: han driv Maalstræv. Ikkje noko suludanskt, eller
dansksuluskt; ærlegt, greidt Sulumaalstræv. Sjølve
Hans Høgvyrdnad Bispen hev lært seg Sulumaal. Han
hev ikkje trutt at Gudsord var for fint for eit udyrka
Folkemaal i Sør-Afrika. Og endaa hev Sulumaale ikkje
so mykje som eit Ord for „Gud".
Storkar: „Herre"; fin Mann.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>