- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
221

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KN UDA HEI BREV

221

og det skræmde meg. Sidan hev eg ikkje lika meg
her; og eg skunda meg naar det hende at eg skulde
framum det Kyrkjelede.

Ein einaste Gong nev eg vori inni Kyrkja i seinare
Aar; og Kyrkja var heimsleg som i gamal Tid. Det
nye som var komi — ei Orge som Kyrkja hev fengi
av eit gamalt Soknebarn — gjorde det berre meir
heimslegt der inne. Likevel kjende eg meg ikkje i
Lag. Eg saag liksom ikkje rett noko anna enn ein
naableik Mann med eit ramnsvart Haar som fyrr kvar
Sundag sat der uppe i Medhjelparstolen, og som no,
for mine Augo, liksom sat der enno.

Igaar støvda eg ved Kyrkje-Lede; der vart eg
standande ei god Stund. Eg saag paa Kyrkja, og saag
ikkje paa Kyrkja. Ho er den ho var; det hev berre
komi nytt Tak eller ny Topp paa Taarne. Kyrkja er
ikkje gamal. Ho er fraa 1859; eg hugsar daa ho vart
bygd. Like eins hugsar eg Aare fyrr, daa den gamle
brann; ho var elles ikkje eldre enn fraa 1829;
Aars-tali hev eg fraa Mauland. Men at Kyrkja fraa 1829
brann var ei Guds Refsing og ein Domedag yvi Bygdi;
det kjende Folke tydeleg. Um Refsingi hjelpte maa eg
segja eg ikkje veit.

Dei ser ikkje rike ut, Kyrkjune paa Jæren. Hev vel
aldri vori rike heller. Og aatte dei noko ein Gong,
so hev dei danske ,,Reformations"-Kyrkjerøvarane vori
ute her med, og teki det som var aa taka. Jærbuen
hev funni seg i det med vanleg Ro. Naar det var
Kongen som plundra Kyrkja, so var det Gud som
plundra Kyrkja; og so fekk me Syndarar halde vaar
Munn. Eg skal elles ikkje fortelja deg um den norske
„Kyrkje-Umboti"; den hev du sjølv fengi fram i „Norigs
Soga" so at den som les, han hugsar det.

Thimekyrkja fraa 1859 er som den fraa 1829 ei
vanleg jærsk Laavekyrkje: ein høg, lang bordklædd
Timberbygnad med eit vel so høgt bordklædt Timber-

støvda — stød va (stana).

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0229.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free