Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
220
KNUDAHEIBREV
strandi no, etter ei lang og umskiftande Sigling paa
dette stormfulle Livshave. Ho er nok ikkje sterk lenger,
men klarar seg. Ho er daa kje gamal heller, berre
19 Aar eldre enn den eldste Son sin ’. So det hev
vorti reint uventande heimslegt for meg paa Sandnes;
eg hev gode Kvilestundir her paa den urolege
Livsvegen min.
Dagen etter.
I Dag naadde eg „heim til meg sjølv".
Stogo mi stend som ifjor. Og vent er her um
Hausten meir enn um Vaaren, so eg skulde gjerne
slaa meg til eit Bil i Knudaheio. Men eg er berre
ute paa Veg-Leiting i Aar.
Ja og so var det noko anna med: eg vilde helse
paa Jæren i dette framifraa Aarstale.
Det lange nittande Aarhundrade ligg i Banen no.
Det er det fyrste (og vert det siste) Aarhundrade eg
fær sjaa Enden paa, um eg elles liver Aare ut; og i
eit slikt Aar maa ein ha vori heime.
Ja, ja, du nittande Hundradaar som endeleg er komi
so langt at du fær skrive ditt eigi Tal — i det lærde
Tyskland kunde dei elles ikkje unne deg dette, men
tok Live av deg ifjor —, no hev du kje lengi att aa
staake og styre. Eg kann ikkje halde nokor Tale for
deg: men gjev du kunde faa verksett um det var aldri
so lite av alt det gode du lova oss; og gjev i alle
Fall at Ettermannen din maa verte likso glup til aa
fullføre som du hev vori til aa drøyme - og ti! aa
misfreiste!
Eg helsa paa Thime-Kyrkja igaar.
Der hev eg mangt aa minnast. Men det siste eg
fekk aa minnast ved Heimekyrkja mi, det var tungt;
’ Døydde 19C8. (Merknad 1909.)
misfreiste: gjøre mislykkede Forsøg.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>