Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
KN UDA HEI BREV
223
og Krossar er ikkje alt. Eg veit, at rundt ikring der
eg no gjeng ligg Ætti. Ein for ein; ei for ei.
Ætte-Fedrar og Mødrar. Og dei av Borni som ikkje kom
ut. Spreidde og samanmengde med alle dei andre ligg
dei her. Fred vere med deim.
Det er med Folke mitt i det smaae som i det store :
Minne hev ingin havt Umtanke fyri. Sjølve dei gamle
norske Kongane ligg spreidde her og der utan Stav
eller Stein. So nær som Gamlegubben sjølv, som fekk
ein ny Stein i 1872. Og so han den andre som fekk
Kista si uppsparka og Skallin sin stolin og send til
Kaupenhamn. Kva vil so me Smaafolk vente. Kvil i
Fred, stakkars gløymde smaa’ Bøndar!
Dei sist gravlagde av Ætti hev vel havt ein
Hovud-stav. Han Farfar t. D., eller han Eivind Knudsson.
Men Hovudstavane morkna og fall. Og ingin sette
deim upp att. Og Kyrkja brann. Og Kyrkjegarden
vart ei Brandtuft og ei Arbeidstuft. Kven kunde daa
tenkje paa gamle Grav-Krossar? Gravine vart gløymde.
Og nye Lik banka paa: Rom! Rom! — Ei Syn vert
det paa Domedag, naar heile Kyrkje-Aalmugar krabbar
fram or kvart lite Gravhöl; kvar skal alle dei Armingane
finne sine Bein? —
Far min ligg au her, stadlaus og steinlaus. Han
Jon Bror min og eg, me vilde setja honom ein Stein
ein Gong. Med Namne og eit Par Tal. Gravaren
lova aa sjaa um han kunde finne Gravi. Men han
Farbror, stakkars snilde Farbror som me vilde havt
med, han sagde nei. Han kunde ikkje for sitt Samvit,
sagde han. Dei skulde vera burte, som sjølve var
burtgjengne. Og me vilde ikkje vekkje Strid. Ufred
hadde han Far havt nok av her i Verdi. So ligg han
daa her, merkelaus som dei andre1. Og dei som
skulde liva etter’n, og halde Arbeide hans uppe i Heim
og Bygd, — dei er burte dei med. Spreidde, spreidde
yvi den vide Verdi.
1 Ein litin Stein er seinare sett. (Marknad 1909.)
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>