- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
227

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KN UDA HEI BREV

227

att Døri og legg i Omnen. Brenne Torv, lukte Torv;
det er som ei Trøyst. Helst naar det ute er svart og
regnlegt. Daa fær eg ei Minning av det som me kalla
Heim fyrr i Verdi.

Og eg gjeng att og fram paa dette Golve som er
mitt, og kviskrar for meg sjølv det Orde som kjem for
meg jamt: heimlaus, heimlaus, heimlaus. Gud vere
Lov at eg hev funni meg ei Kraa som eg kann koma
burt i.

— Heimlaus; det er nok ikkje eg som er heimlaus.
Det er Folke. Og Lande, stakkar, det er ikkje anna

enn slik ei Turisthytte . . .

*



Det er vel so med alt paa denne Jordi, at det tek
seg best ut eit Stykke ifraa. So er det med
Barndomen au. Daa visst med min Barndom.

Sogo um Heimgarden min kann eg ikkje skrive; det
vere sagt med Skam. Det var ei Tid at eg rota og
grov i gamle Brev som eg fann i Skatöle hans Far,
og gjenom deim fylgde Ætti eit godt Stykke
upp-igjenom, so eg fekk vita Namn og Aarstal, um ikkje
meir. Han Torkell Mauland, Grannen og
Kjenningen og Læraren min, var det vel som hadde sett meg
paa dette; me plar elles ikkje bry oss stort um Ætti
vaar, me Bøndar. No er dei gamle Brevi burte. Han
Far brydde seg ikkje um deim i sine siste sjuke Aar;
og eg strauk min Veg. So fekk Smaaborni Tak i
Papperi, og so er ikkje den Sogo lenger1.

Men eg maa fortelja deg kva eg heiter. Eg heiter
ikkje Arne. Aadne er eg døypt, etter Farfar min.
Og Aadne Undheim skulde daa no vera mit rette Namn.

setja ein paa noko: gjeva ’n „Ideen".

1 Ho vart lenger likevel, — Takk have Torkell Mauland.
Han er Sogu-Mann av det gamle Slage, og hev i seinare Aar,
gjenom Prestebøkar og Manntalsbøkar i Riksarkive, funni fram

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0235.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free