Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
226
KNUDAHEIBREV
Eit stort Aarhundrad var det nittande med alt sitt
Braak, i sine Ting større enn noko av dei andre me
hev Greide paa. Mykje hev det lært oss; det vart i
det heile ei Granskings-Tid. Med Gjenomsyn og
Rein-sking av mykje gamalt; med Grunnleggjing og
Fyri-buing av ymist nytt. Mykje vil vekse etter det som
daa vart saatt eller sett. Men inginting vart ferdugt.
Me kjenner paa oss, med ei Kjensle som er Visse, at
Verdi held paa aa vende seg; ho vil svinge so snart
ho finn Leidi.
Langt fram er det visst. Til Fred som til Rett og
Fridom. Men Vegen gjeng gjenom Ufred, Urett, Tvang.
Langt er det fram, og lengst til den store Arbeidsgleda.
Men ho kjem. Me ser det meir og meir; so halvt og
uferdugt og utrygt som alt er no, so er det ei Verd
i Velting.
Mange rister paa Hovude og gjer kloke Spursmaal.
Er her annan Framgang enn Framgang mot
Undergang? — Ingin veit noko. Og Ord nyttar det ikkje
aa slaast um. So lengi her er Knutar aa løyse, so
lengi gjeng Livsens Spél.
Gjev det maatte glide fram-yvi!
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>