Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
250
KNUDAHEIBREV
Men i det heile var det stilt i Huse, og myrkt. Mest
laut eg liva paa mine eigne Draumar.
Og deim livde eg paa. Stasa deim til og tøygde
deim ut og gjorde deim um att og um att so dei varde
mest æveleg. Det var ikkje vanlege Barnedraumar;
det vart Sjukdom. Og ei Magt kunde dette Draumtulle
faa, so eg stundom heiltupp gløymde Røyndomslive.
Eit Døme kann eg fortelja.
Det var i Slaatten; ein Høyvérsdag; eg var med og
snudde. Men Hovude var fullt av ei Draumsogu, og
Arbeide gjekk traadt. Svært traadt. Dette kjende eg. Men
Draumen hadde Magti; eg vakna ikkje. Tok paa Resten
upp Riva og vilde kvetja (bryne) ho; trudde det var
Ljaaen eg stod med, og at den ikkje beit; for noko
laut det vera som var i Vegen. Fomla eit Bil med
dette, men fekk ikkje Greide paa det. Daa var det
han Farbror; han var med i Høye den Dagen og kom
til aa sjaa paa meg. Stod og stirde eit Grand; skyna
kje dette; vart mest rædd; det kom som ei Bivring i
Mæle hans: „er der noko i Vegen, Aadne?" Eg vakna
og vart sjølv mest rædd; hugsar ikkje lenger korleis
eg vreid meg fraa det.
So reint kunde eg drøyme meg burt. Var det ei
Sogu eg høyrde og lika, laga eg ho um og stelte ho
til og gjorde meg sjølv til Hovudmann i ho, kor
urimeleg ho var; ja etterkvart laga eg meg ei Livssogu
av kvart det Paafund som i meg upp kunde koma.
Desse Sogune enda alltid upp-i ei Ørske-Høgd; eg vart
Konge, Keisar, Pave, Lyktemann og kva som helst; og
ho vesle Serina hans Sven vart Dronning, Pave-Dronning
med, naar det kom so langt som til den siste store
Sigers- og Stasdagen. Og eg bygde meg Borgir høgt i
Sky, og vart lovsongin yvi Heimane alle.
Det gjekk vidt med dette. All mi Arbeidstid vart
Drøymetid; eg hadde vorti galin, hadde det haldi paa
nokre Aar lenger. Noko av det vitugaste eg stelte
med var eit „Menageri" (med g), som eg fekk Tanken
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>