- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
249

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KN UDA HEI BREV

249

kann vera for eit Barn; fraa desse Aari av vart eg reint
serskilt glad i ’n Farbror. Han var i vaart avstengde
og innestengde Hus sjølve den livande Verdi som braut
inn med sitt Liv og sitt Spél; og fyrst og fremst var
han det gamle Jæren og det gamle Garborg. Med sine
Sogur og sitt klaare kloke Vit gjorde han meir til aa
halde meg hugfrisk enn eg skyna den Gongen.

Hjelp hadde eg stundom av Arbeidsfolki vaare au;
ein av desse, han Gabriel paa Bergj’e, ein stød og
greid „Austlending" (Dalabue), hjelpte oss mykje i dei
myrke Aari, og ikkje minst i dei siste og myrkaste;
han var med sitt gode Vit og sitt rolege Mod til
Stud-nad for oss alle. So var det umflakkande Handverkarar
og andre meir og mindre farande Folk som beintfram
eller umveges vart Skulemeistrar for meg. Det var
vel ikkje alltid so sætande, det dei lærde meg; men
betre enn inginting var det daa visst. Min fyrste
Professor i europæisk Literatur varein umvankandeSkræddar;
han fortalde meg serleg um Greiven av Monte-Christo;
den Sogo stod so høgt yvi alt det dei her laga ihop
og gav ut, at me berre fekk tvibøygje oss og knefalle.
Ein Ryfylking som arbeidde hjaa oss ei Stund, men
laut røme daa han hadde stoli Pengeboki hans Farbror,
fortalde meg um Eimbaatar og Luftbalönar og Gjest
Baardsen og ymist rart; og ein gamall Svenske som
for her framum ender og Gong, og daa gjerne fekk
Hus med Natti hjaa oss, kunde koma inn paa Sogur
um tolvte Karl eller fjorde Gustav; og stundom fortalde
han um Prins Kristian August og den braae Banen
som han fekk. So var det han Fante-Thomas som
uppbygde meg med Guds Forunderlegheitir i Naturens
Bok, eller med Bilæte av den Planken som heiter Verdi,
og elles med mange Begrep, Aspekter og Anskuelsar.
Lærarane mine er i det heile fleire enn eg hugsar
eller veit; Takk have dei alle!

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0257.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free