Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
KN UDA HEI BREV
253
Natt eller Dag, jamra han; ho Jorina, Kona hans, var
i Himilen no, det visste han; men sjølv kom han ikkje
til Himilen; han kunde ikkje faa det so godt for seg
som ho Jorina hadde havt det. Han kunde kje faa
Fred med Gud! Eg stirde paa den forskræmde
Stakkaren som fyrr hadde vori so roleg og stød; og det var
som eg kjende Svaave’-Lukt.
Ho Mormor tala godslegt med han Abram. Han
skulde ikkje tru vondt um Vaarherre. Vaarherre kjende
oss og visste köss det var med oss; og han var ikkje
urimeleg. „Du skal gjera det beste du kann, Abram,
og inkje bry deg det Slag; han vil oss nok inkje anna
enn det som godt er," sagde ho Mormor.
Han Abram svara ikkje større; hasta i Veg burt-yvi
Bakkane som ein skræmd Hare. Sidan tenkte eg paa
at ho Mormor visst ikkje hadde lært ’n rett Kristindom.
Vaarherre var knapt so greid aa koma til Rettes med
som ho hadde sagt. Men eg ynskte so smaatt at ho
maatte hava Rett likevel. Og daa ho sidan døydde,
og der ikkje var anna enn godt aa høyre fraa
Sotte-sengi hennar, tenkte eg med meg at kven veit:
kann-hende var Vaarherre rimelegare enn Folk trudde.
Men dette torde eg ikkje lite paa.
Eg heldt meg sjølv til Jahve i dei Tidine daa eg
stræva med aa umvende meg.
For eg stræva med dette stundom; og det ikkje so
lite heller.
Hügen til det gode var det vel knapt som dreiv
meg. Sterke Brandskildringar fraa Helvite gjorde meir,
og so dertil Daudeböd, helst slike som kom uventande,
eller nære-fraa, eller liksom med serskild Ærend til
meg; soleis naar Jamnaldringar døydde.
Visst er det: eg fekk Aal vor for meg süme Tidir.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>