- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
264

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

264

KNUDAHEIBREV

me lika best, og som ikkje minst eg var glad i; han
var snild som Dagen var lang; men um det hadde vori
Son til Presten kunde han ikkje vori meir framandsleg
for oss enn denne vart, daa han hadde vori paa
Lærarskulen. Og endaa var han Bondegut som me, og fraa
ein av dei næmaste Grannegardane.

Framande og storvorne vart me daa sjølve med,
kann du vita. Naar me kom heim ut-ikring Non —
„ut paa Ettermiddagen", som det no vart —, vilde ho
Mor gjerne hava eit Grand Hjelp av oss, som ho elles
var van med, og som ho turvte vel. Eller han Far
sagde oss eitkvart fyri. Noko vidare Arbeid var det
aldri; dei visste snart at Skulen hadde meir aa segja
yvi Krambugutane, skulde bli, enn Heimen; men dei
tenkte me kunde alltid hjelpe til med eitkvart smaatt.
Hja; nei sagde me vel ikkje. Me fekk drygje til me
vart store med det. Men gode aa beda var me ikkje
heller. Me hadde so mykje sjølve aa gjera no,
maa-tru. Skulen hadde større Krav paa oss enn Heimen.
Dertil var det dei gode Skuleklædi; me kunde daa
kje gaa i Fjos og Stall med deim? Skifte?
—Jaja. Me fekk skifte daa. Og me gjorde det me skulde.
So knapt og so fort som Raad var. Men huglegt gjorde
me det ikkje. Og Far og Mor bad oss mindre og
mindre um Hjelp, naar dei ikkje plent var nøydde til.

Soleis studde ikkje Skulen Heimen lenger, men
studde Borni mot Heimen. Hjaa mange og stødt fleire
av oss vende Hugen seg heilt her; me gjekk meir
og meir og venta paa Konfirmasjonen, so me kunde
koma „ut". Heime; kva hadde me heime aa vera
etter. Det var vel alltid det som var betre aa bruka
Live sitt til enn aa gange og sparke i Mold og Myk
paa Jæren. Dei som ikkje dugde til anna fekk vera
heime. Me andre vilde lenger upp.

Og soleis hev Ungdomen tenkt heile Tidi sidan.
Berre dei som „ikkje dugde til anna", og so dei faae
som Folkehøgskulen sidan fekk Tak i, eller som vart

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0272.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free