- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
263

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KN UDA HEI BREV

263

- — Det vart Skifte med Skulen i vaare Bygdir
med; i Staden for Umgangsskulen i Heimane fekk me
Pulteskulen i ei serskild Skulestogu der det ikkje var
noko som minnte um Heim. Det var Tingstogo paa
Mossige me fekk; Ingjebrett var vortin Lensmann i
Høyland. Eit høgt, stort Rom var denne Stogo, med
By-Vindaugo paa den eine Sida og inkje Vindaugo paa
den andre; framandslegt var her; men framandt var
fint. „Kateder" (Lærarstol) hadde me kje enno, og
Skulepultane var umaala; men det store hadde me, at
me skulde ikkje vera heime lenger. Og det lika me;
no hadde me det mest som Skuleborni i Byn.

Dei Skulemeistrane me heretter fekk lagde au
Heimen fraa seg for det meste, so i Skulen daa; det hjelpte
oss lite at dei var her fraa Bygdine alle. Ja eg fær
brüka det store Orde „alle"; dei tok til aa flytja og
flakke som andre Embættsmænnar no, og var vel nøydde
til det naar dei skulde slaa seg fraa Jordbruksarbeide,
som dei fleste av deim skulde.

Og um me endaa ikkje visste det so klaart som det
sidan hev vori sagt i sjølve Stortinge, so kjende me
det paa oss: det me her skulde lære var aa bli
Kram-bugutar. Berre dei som ikkje kunde naa so høgt fekk
gaa heime og slite paa Bondegardane, — um dei ikkje
kunde koma til Amerika daa.

Eg hugsar endaa at me samtala um dette, me tvo
som sat øvst paa Mossige-Skulen; — for Snobbeskapen
i Ære: dei „beste" skulde sitja øvst. „Dei beste" heldt
daa au sjølvsagt ihop mot dei mindre „gode". Eg for
min Part visste ikkje enno kva Veg eg vilde gaa. Men
eg visste at Garden vilde eg segja fraa meg. Med
No. 2 var derimot alt greidt: han vilde paa Krambu.
Dei „andre" tala eg ikkje so djupt med. Det var
for-underlegt: me vart heilt-upp framande for kvarandre
paa denne nye Skulen. Og Læraren vart framand han
med. Eg hugsar serleg dette um ein av deim som

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0271.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free