- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
266

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

266

KN UD AH EI BREV

kunde stela meg ei Stund, med Kisteloke upp-slegi,
studd til Kistekanten, med Boki halvløynd ned i
Kiste-gape, so eg skulde kunna stikke ho snøgt ned og faa
Löki att um han Far kom; las som for Live og Sæla.
Seinhaustes og um Vinteren helst; daa var det minst
Utearbeid. Omn var der ikkje; og røre meg kunde
eg ikkje; eg laag og las um Kongar og Gudar og fraus
so eg skalv; — desse graakalde Lesetimane hev eg
havt vondt av all min Dag sidan. Men kva Raad var
der? Lesa maatte eg. Og ikkje alltid kunde det laga
seg so godt som det gjorde hin Fyrisümaren, daa me
køyrde Torv or Taarlands-Myri og han Far ikkje var
med; eg sat i Torvgrindi og paa Torvlasse dei lange
Maulands- og Nylst’- og Gudmest’-Myrane upp og ned
og las „Baldurs Død" so Taarune hagla. Nei; eg fekk
nok nytte Stundine naar eg hadde deim.

Ingemanns Romanar heldt meg vel lengst. Eg kunde
ikkje gjera deim etter, um eg stundom freista med det;
me hadde korkje Kongar eller Riddarar her. Men dei
drog meg mykje sterkare enn Gudsord nokon Gong
hadde gjort med alt sitt Himilrike. Og Danmark vart
mitt nye Fedraland, det eg elska meir enn eg nokon
Gong hadde elska Judæa.

Men Øhlenschlæger lærde meg jamvel aa elske
„Norge". Ja han gjorde meg til „Asa"-Dyrkar. Odin
og Thor, og Freya med, danske og vene og milde som
dei under hans Hendar vart, livna upp for meg, so eg
i Draumane mine bygde Altar og planta Lundar for
deim. Og i Draum-Sogur som eg laga tok dei Bønir og
Blot av meg, og viste seg for meg, og lova meg
Herredom yvi alt Norges Rige.

Hjelp og Rettleiding med Bok-Laani hadde eg ei Tid
av Torkell Mauland, som sjølv laante meg mang ei god
Bok. Han las Boksogu i dei Aari, og gav meg Raadir
og skreiv upp Bök-Namn; gjorde i det heile at det
ikkje vart berre Vill-Lesnad med meg. Men endaa
vart det Vill-Lesnad nok. Det eg skulde hava var

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0274.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free