Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
KN UDA HEI BREV
271
var framifraa paa sin Maate: han var av Fantefolke.
Det var eit kyrkjelegt Samlag som vilde hjelpe ’n
fram; og no kom han og eg til aa bu ihop der paa
Klokkargarden. Eg kjende fraa fyrr baade honom og
Foreldri hans; og me vart gode Venir. Han fortalde
meg mykje og mangt, baade fraa Fantelive og fraa
den Bygdi der han i seinare Tid hadde vori; og
Tater-maale lærde han meg ikkje so reint lite av. Me dryfte
mange høge og djupe Spursmaal saman og kom godt
til Lags; fraa honom hev eg det meste av det som
sidan vart til Carolus Magnus. Me heldt ihop lengi
etter me var komne ut av Skulen au; og millom
anna „blad"-skiftest me, liksom andre plar brevskiftast.
Desse „Bladi" vaare hev visst sétt rare ut. Dei var
skrivne noko paa Skulemeistardanskt og noko paa rett
Fantemaal; og var det serlege Løyndomar me hadde
for oss — som t. D. Tanken um aa røme til Sjøs, og
sidan til Arabia —, so skreiv me med Telegrafskrift.
Eg var i det heile ikkje so lite Bladstyrar i dei Aari
(1865—67); eg hadde Bladskifte med ein annan
Kjenning au, um elles dette alltid var noko mindre
draum-villt; denne Kjenningen vann seg sidan langt fram; du
kjenner Namne hans, du med: Sven Aarrestad1.
Forunderleg urydigt hev det sétt ut i Hausen min
daa eg i Fyrstningi av mitt sekstande Aar stod mi
fyrste Lærarprøve. Skuleklokskap, Pietisme,
Dikt-draumar, Fantevisdom, Ibsen og ymist anna rart laag
og brautst inn-paa Myrkelofte mitt; men med
Lærarprøva gjekk det godt; og 16 Aar gamall fekk eg „Post";
skulde med Hovude fullt av Barnaskap og Tull vera
Lærar og Uppfostrar.
Det maa greide seg alt.
— Men han Far hev gjengi heime og drøymt um,
at no vart eg vel fornøgd av Skulen etterkvart, so at
1 Draumfrie var elles ikkje me heller. Me hadde det med
aa gjeva kvarandre Titlar; eg vart mill. a. „Herr Professor",
og han stundom „Herr Statsraad". (Merknad 1909.)
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>