- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
272

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

272

KNUDAHEIBREV

naar det leid paa, og eg var fri Hér-Tenesta, so vilde
eg hugse det eg vel mindre hadde tenkt paa fyrr, at
eg hadde Heim-Garden min standande.

Stakkars Far. Han hev ikkje visst at det var andre
Tidir. Eg sat ikkje i mine Fristundir og sauma
Skinn-klæde og arbeidde Skor som han hadde gjort; eg sat
og skreiv Vers og røykte paa ei lang Pipe.

Det gjeng upp og ned med meg. I Dag hadde eg
ei leid Rid. Og den fær vel faa Skuldi for at eg vart
„full den syttande", som eg ikkje hev vori paa
mange Aar.

Eg visste elles ikkje av at det var den syttande.
Men i Ulag var eg, og gjekk og vreid meg og spurde
meg sjølv um eg kunde paa nokon Maate faa Ende
paa denne syrgjelege Dagen, tru. Ute regnde det og
ruska og blés; og inne —- hu; inne var ingin Ting
aa gjera.

So kom den frelsande Tanken: Brennevin. Kva
skulde Brennevin vera til, um ein ikkje skulde bruka
det paa ein slik Dag? Den halve Flaska eg hadde
havt med meg stod urørd (det kann vera sant um ikkje
du trur det); likso godt sprette ho i Dag som ein
annan Dag. No er der nok ikkje Hjelp lenger i sterke
Dropar. Men naar ein ikkje veit anna aa velja millom
enn ein Dram og eit Reip . . . naa; eg tok Drammen.

Han smaka vondt. Og nokon Lettnad kjende eg
ikkje. So gjekk eg og vreid meg eit Bli . . . slo so
paa meg ein til. Det hjelpte so vidt at eg sistpaa
kunde segja som ein Kraftkar millom Kunstnarane der
inne: den tridje, den smaka godt.

Og so tok det til aa ljosne for meg. Eg vart so
modig at eg vaaga meg paa den Bladposten som laag
her sidan igaar; og av Dagatale paa desse Bladi rekna

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0280.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free