- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
273

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KN UDA HEI BREV

273

eg ut, at det i Dag maatte vera den 17de. Daa var
eg so drukkin at eg sette meg til aa skrive ei
Syttande-mai-Tale; vil du ha ho, so er ho her:

„Godt Folk! Riksdagen paa Eidsvoll var innkalla
av den danske Kronprinsen til aa nyfeste Bande
millom Danmark og Norig, — eit Band som heldt paa
aa losne daa, ikkje ved norsk, men ved svensk Vilje.
Denne Riksdagen, som hadde Lov til aa gjera kva han
vilde, daa Danmark alltid sidan kunde faa steilt paa
det, — han skulde fyrst eller sist velja den danske
Erveprinsen til norsk Konge; sidan kunde alt laga seg.

Riksdagen paa Eidsvoll gjorde det han kunde, og
til Slutt det han skulde: den danske Erveprinsen vart
norsk Konge den 17de Mai. Hadde denne nye
Kongen vori ein Kar, og dertil ikkje tenkt for mykje paa
den trifelde Krona til Dronning Margrete, so kunde
han, etter all rimeleg Von, ha berga Norig aat
Oldenborg-Huse.

Saman med dei norskdanske, og med Stormagtine,
som var so maateleg glade i Karl Johan, gjorde han
likevel so mykje, at daa Svenskane fekk Take, kom
Norig ikke meir under Sverig enn det hadde vori
under Danmark; d. v. s. rettsleg kom det ikkje
under Sverig. Det vart verande det det var; fekk berre
nytt Kongehus.

1 den harde Svenskerædsla Vaaren 1814 hadde
dertil dei norsdanske Embættsmennane paa Eidsvoll slegi
den gamle norske Bonderetten so tydeleg fast, at
korkje Svenskekongen eller dei sjølve sidan kunde faa
døyvt ’n. Det som vart berga i 1814 var daa ikkje
berre det gamle Embættsstyre — som dertil fekk ein
svensk Topp —; men Folke fekk og paa sin Kant
den gamle Retten sin fastslegin. Det einaste som
ikkje vart heilt greidt i 1814 var det norske
Utan-riksstyre; Norig laante det svenske til so lengi. Det
som Svensken i 1814 ikkje vann: Overmagti yvi Norig,
hev han daa sidan, gjenom Kongedøme og dette laante

18 — Garborg. VII.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0281.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free