- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
275

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KN UDA HEI BREV

275

likevel so smaatt til aa heimvitrast. Soleis paa
Hognest(ad), hjaa han Hans. Eller no fær eg segja
hjaa han Eivind.

Hognest’ er ein stor, mangbølt Gard tett nordanum
Foss-Aai, ein snaud Fjordung nord av Garborg. Hans
Hognestad kjenner eg fraa mi fyrste Tid; han var alt
daa ein av dei fremste i Bygdi. Og millom dei
fremste hev han sidan haldi seg, so stillfarande som han
er og alltid var. I Bygd og Herad hev han vori nytta
paa all Vis; han hev endaa vori Ordførar. Men han
bad seg fri for dette Yrkje so snart han kunde faa ein
annan vald; for det var Garden sin han brydde seg
mest um. Og den dreiv han dugeleg fram. Garden
var nok helst tungdrivin. Han ligg flatt og fint; men
der var so mykje som maatte or Vegen av baade Vatn
og Stein, skulde der bli Skikk paa det. Og Hans
Hognestad fekk god Skikk paa det, um der enno er
mangt att aa gjera.

Men i Fristundine lika han aa stelle med
Bøkar og Lesnad. Det er slike Bøndar me maa faa
mange av.

Eg hugsar at han Far sette Hans Hognestad
frami-fraa høgt. Og meir enn ein Gong i sine tunge Tidir
hev han søkt og funni Rettleiding hjaa honom.

Sonen, han Eivind, hev sidan drivi Garden endaa
meir fram, so no er denne Hognestad-Parten visst ein
med dei fremste her ikring. Og Eivind drøymer um
aa vinne lenger. Naar han vert ferdug med
Heime-Garden, so er der enno mykje god Jord som læt seg
nytte. Og ung og sterk og dugande som han er kann
han vinne langt. Det einaste eg er rædd er, at
Eivind Hognestad kann koma paa Tinge. Og aa vera
burte fraa sitt Arbeid 8—9 Maanar kvart Aar, som
Stortingsmennar no maa, det duger kje for andre
enn Embættsmennar og Sakførarar utan Sakir. Men
Eivind held seg til sitt Gardsarbeid so rolegt og

heimvitrast: faa Heimvit; verte heimkjend.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0283.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free