Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
276
KNUDAHEIBREV
trutt, at han fær vel vera i Fred enno ei Stund, vil
eg vone1.
Eg likar tneg i det Huse. Dei „gamle" er gilde og
med godt Mod, so stillfarande dei er, og dei unge like
eins; eg vert sjølv modig i Lag med slike
Sambygdingar. Her fær eg au Greide paa mangt og mykje
som eg fyrr hev fylgt lite med i; dei gamle er Jæren
fraa mi Tid, og dei unge er det Jæren som sidan er
framvaksi. Soleis fær eg baade friske upp-att mitt
eigi og lære nytt.
Eivind Hognestad er yngre enn eg, men fraa same
Tidbolken. Han gjekk i Skule for Ingjebrett Fosse,
som jamsides Torkell Mauland var min beste Kjenning
i dei fyrste Ungdomsaari; og me minnest ofte han
Ingjebrett Fosse.
Han er daain no. Sterkare enn nokon av oss andre
etter mitt Vit laut han burt fyri oss; det er so eg ikkje
rett trur det.
Eg hev meir aa takke Ingjebrett Fosse fyri enn eg daa
forstod. Det var han som gav meg mest med av Jæren
paa Utferdine mine, av det gamle hugfriske Jæren som
Skular og Lækprestar og Oftedal og Amerika sidan
hev døyvt, so det vil taka Tid fyrr det vinn seg fram
att. Ætti hans var fraa Gjesdal, Fjellsokni øvst i
Lye-Gjelde; Far hans var „Lomeland’en paa Fosse". Men
Ingjebrett var Jærbu heilt, og ein av dei gode; ein av
deim som det er faae av no for Tidi, er eg rædd.
Der var kje noko Braak med ’n Ingjebrett. Han tok
alt som det kom. Rolegt, godslegt, med ein Skjemt
helst, naar det ikkje var som han vilde; og han hadde
dette greide norske og ikkje minst jærske Lag til aa
lempe dec range til rettes so det „gjekk godt korso".
1 Han kom paa Tinge i 1903. Eg fær tru at han endaa
klarar det. (Merknad 1904.)
Merknad 1909: Han klarar det! I Aar hev han sagt
Tin-yrkje fraa seg.
Stortinge vert Bymanns- og Ernbættsmansting; Bcndefolk
kann ikkje sitja burt heile Aare i Kristiania.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>