- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
280

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

280

KNUDAHEIBREV

Dyrking: i Lærdoms- og Skulevegen. Jamvel
„Agronomane" vaare skriv danskt; og Sogubøkane dine til
Skulebruk hev enno fengi altfor faae Etterfylgjarar.
Dette fær du no finne. Og der det minst er gjort til
Hjelp for deg, der vil me sjølvsagt krevja mest Hjelp
av deg. Kvar skal ein av? Verdi er rangsnudd.

Men me fær trøyste oss med det som du segjer: at
det norske Maale er daa alltid mykje rikare enn det
danske var. Ikkje naame-nær so mykje tyskt tarv me
laane som det. Og so fær du likso godt fyrst som
sist gjeva upp Tanken um aa faa det fullferduge fram
med ein Gong. Det ein kann faa er til kvar Tid
Maale so langt som det daa er komi og framfunni. Og
fær me sett upp og gjort tiltøkt det Maal-Emne som
er komi fram, so hev me kje meir aa krevja; og berre
det vil vera ei Hjelp so me trur det kje. Sidan legg
me i Veg med nytt Mod og ny Kraft. Du fær trøyste
deg med at det er du som tek det fyrste og det tyngste
Take; den som med deg til Fyrimann skal laga den
næste Ordboki vaar fær eit mange Gongir lettare
Arbeid.

Og naar du ein Dag kann setja Ordboki upp-i Hylla
di jamsides med Snorre, so kann du sidan taka det med
Ro. Det er Arbeid som ikkje kjem burt, sovori.

Det myrkaste i Livssogo mi hev eg att aa fortelja.
Eg skal fortelja det stutt.

— Han kunde ikkje skyna det, han Far, at me kom
so ifraa ’n. Anna hev visst han tenkt. Han hev
venta og trutt, at naar han førde oss til Vaarherre, so
skulde han vinne oss paa beste Maaten att sjølv med.
Men det gjekk so reint annarleis. Ikkje fekk han oss
fram til Vaarherre; og berre lenger og lenger kom me
burt fraa ’n sjølv. Det er dette som hev vekt Tvilen
tiltøkt: „tilgjængelige.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0288.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free