Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
282
KNUDAHEIBREV
Straffedomen skulde vel no koma. Aldri hev han
tala til meg som han tala den Gongen.
Han hadde ikkje sagt mange Ordi fyrr eg kjende,
at dette var meir enn eg hadde skyna og tenkt. Men
eg kjende likso vel at snu kunde eg ikkje. Daa eg
skulde svara sagde eg noko um, at eg trudde kje eg
dugde til Gardbrukar.
Han tagde eit Bil. So tok han til aa fortelja um
sin eigin Ungdom.
Han hadde sjølv vori Skulemeistar. Det hadde eg
visst høyrt Samanhenge med. Aldri nokon Gong
hadde han kunna tenkje paa slikt som aa gjeva upp
Garborg. Garden hadde vori hans Liv; alitid hadde
han visst med seg sjølv, at utan den kunde han ikkje
trivast. Og soleis hadde det vori med all Ungdom,
so vidt som han visste um. Naar ein hadde Heim og
Gard, so gjekk ein daa ikkje fraa den Arven, naar
ein ikkje var nøydd til; minst naar det var Odelsgard,
gamall i Ætti og dertil godt i Stand; -— „for eg hev
nok ikkje tenkt minst paa deg naar eg arbeidde med
Jordi," sagde han. Og at Ervingen skulde koma
paa sovori som dette hadde han aldri tenkt; ikke
kunde han tru det var Aalvor heller. Eg var daa so
vidt tilkomin Kar og skyna so mykje, at ein slik Gard
ikkje var burtkastande, og det berre um eg tenkte
paa Eigedomsverde; og so skulde vel det au vera noko,
at det var Heimgarden min og Ætte- og Odelsgard.
Dessutan; dette nye eg tenkte paa—; eg hadde enno
ikkje vori Skulemeistar so lengi at eg kunde vita um
det var Kalle mitt.
Der var ei underleg Magt i Ordi hans, so stilt dei
kom; eg stod der og visste kje kva eg skulde segja.
Aldri var det komi for meg at slike Tankar skulde
liggje under i Arbeide hans; Jordi hadde daa elles
alltid vori det som me skulde segja fraa oss. Hadde
han fyrr lati meg merke noko til dette, — kven veit.
tilkomin (jærsk): „udviklet"; „moden".
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>