- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
283

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KN UDA HEI BREV

283

Sjølveigartanken hadde eg kannhende skyna; Viljen til
aa vera min eigin var daa visst sterk nok.

Men det var det: her heime kunde eg ikkje paa
lengi verte min eigin. Han Far var ein sterk Mann
i sine beste Aar; og all denne Lesardomen hans . . .
eg greidde det ikkje. Framand var eg vortin;
Heimhugen var slokna og Arbeidshugen døyvd. Eg vilde
burt; maatte burt. Heilt burt. Det var ikkje Raad
med den Ting.

Det han Far hadde sagt kunde eg ikkje svara paa. Men
eg tok upp-att mitt. Til Gardmann dugde eg ikkje;
og det var mange Gardgutar no som for til Seminarie.
Eg kunde ikkje sjaa han Far i Augo med’ eg sagde
dette; halvt burtvend, hastande, snaavande sagde eg
det; men eg sagde det.

Han hev sétt paa meg. Han hev sétt, og endaa meir
høyrt, og kjent, at det han hadde arbeidt med og vona
paa i alle desse Aari, det var gjengi sundt for ’n. Han
hadde teki det paa ein galin Maate; hadde drivi meg
fraa seg. Eller synda mot Gud, so der ikkje var
Tilgjeving for det. Han tagde eit Bil. Stod reint still.
Liksom burtgløymd. So høyrde eg ein Sukk. Ein
raadlaus, tung Sukk. Og nokre trøytte Ord um „Guds
Vilje". Eg høyrde ikkje etter korleis Ordi fall; lengta
burt fraa denne pinefulle Stund; sagde vel noko som
skulde vera Takk; stilt, liksom dom-feld, gjekk han. —

— Eit Aars Tid etter var Garden seld. Eit
„By-Stykke" kaupte han i Staden. Og dit kom han ikkje.
Daa alt var avgjort för han si siste Kyrkjeferd.

— Daa var Sonen paa Seminarskulen. Og mi
Heime-Sogu er til Endes.

Det tunge som heime var hendt skræmde meg upp.
Men djupt kann det ikkje ha teki meg; Far min
var komin so langt ifraa meg. Den „Kristindomen"

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0291.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free