Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
KN UDA HEI BREV
287
No skal eg ikkje bry deg meir med dette. Eg hev
nemt det til Forklaaring av at eg, som var vaksin upp
so reint utanfor alt, slapp so vidt lett fraa den Livsens
Faare som Ungdoms Elsk visst ofte vert i dette
vel-stellte Samfund. Denne Sogo hev vel au gjort sitt
til, at eg i seinare Aar blanda meg upp-i Striden um
Elskhug og Ægteskap; eg hadde gjenom Røynsle lært
at Reglar og Forskriftir og „Moral", i den Tidi naar
det serleg gjeld; hev utrulegt lite aa segja i Røyndi.
Um det er Vaarherre eller hin Mannen som hev lagt
ned-i oss dette som me kallar Elskhug, det veit eg
ikkje; men eg veit at det Samfunde me liver i no,
det hev ikkje kunna greide Spursmaale. Og endaa er
det eit Livsspursmaal.
Um me elles ikkje er komne so langt at baade
Spursmaale og Live held paa og sovne av?
Eg undrast stundom paa det. Ætti vert so underleg
gamal. Klok. Gamalklok.
Romantik og Kjærleik syng visst paa siste Verse
liksom Diktingi. Mannen vert Kantorist og Kvinna
vert Skulemeistar; Pengane vert Live og Draumane
kjem burt.
Daa eg var i Tyskland sist, las eg noko som ei
Bokdame i Wien skreiv um desse Ting. Eg lo aat
det daa; men Gud veit. Den romantiske Kjærleiken
hadde havt si Tid, skreiv ho, og Giftingi med;
heretter vilde meir og meir „innige Freundschaft" koma
i Staden, serleg millom Mann og Mann og millom
Kvinne og Kvinne; ho vaaga seg vidt her. Me ser
og, at den europæiske Kulturen kann mindre og mindre
med Born; „Tvobarn-Systeme" raader ikkje berre i
Frankrike. Baade her og der synest Ættelivs-Viljen aa
veikne. Fraa ein annan Grunn stig Mennar som
Tol-stoy fram med austerlandsk Livsfiendskap, med Tanken
hjaa ein Paulus: at det er „best aa ikkje gifte seg".
Meir og meir gjeng det so at Mennane greider seg
innige Freundschaft: hjarteleg Venskap.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>