Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
286
KNUDAHEIBREV
som Tanke um Anger. Ho totte det stod godt til ho;
det einaste som harma henne var denne andre Sogo
ho var komi upp-i. Denne Sogo kom eg meir og meir
etter var full Truloving; og meir enn det; for
Trulovingi er etter gamalt det rette Giftarmaale paa Lande;
Vigsla kjem etter naar det so kann høve seg, og meir
som ein Stas. Klaart fekk eg ikkje dette for meg;
men Samanhenge hev vori at Gjenta var gift, um det
aldri so mykje var ved Ætte-Raad meir enn ved eigin
Vilje. So kom daa denne uvislege Kjærleiken og
snudde allting um. Eg mødde meg ikkje lite med
Spursmaale um Syndi vaar; og at eg ingin Øyrefik
fekk — som han i „Ungdom", der ikkje so lite av
denne Sogo er nytta —, det kom seg visst av at eg
aldri nemnde Spursmaale for henne; eg vilde visst
ikkje greide upp i noko som kunde koma til aa skilja
oss aat.
At Faaren ofte er størst der „Lettlynde" er minst,
det maa ein Skulemann vita. Og med deg sjølv
undrast du vel paa at det kunde vera so mykje Tiltak
i meg som det etter denne Sogo ser ut til. Me plar
vera so bljuge, me Laudsungdomar; og dei bljuge kjem
helst inn-paa verre Ting. Eg bør daa tilstaa, at denne
Ungdomssogo som so mange andre hev sin „Forførar".
Og at eg, alt vel etter-rekna, skylder den Forføraren
meir Takk enn eg skylder Fleirtale av mine „Frelsarar".
Ein litin sped Krambugut, livleg og lystig og
hjarteleg lettlynd, fødd langt austanum Nese og upplærd i
Arendal, — han vart min Forførar — eller Lærar i
Livskunst — i desse fyrste Aari. Eg fylgde han
langt, og hadde fylgt han for langt, um ikkje ho —
som til mi store Forundring valde meg og ikkje honom
— hadde vori klokare enn eg og vara meg aat. Der
var inkje vondt i Guten. Men i eit Hyklarsamfund
maatte han sigle paa Grunn, i det Farvatne han her hadde
vildra seg inn i; det skynar eg som, so bondetruskyldig
eg var, sjølv kom nære inn-aat dei same Grunnane.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>