- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
289

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KN UDA HEI BREV

289

i desse tronge stengde Dal-Smögi millom dei rare nakne
Bergknausane som vart større og trollskare di lenger
upp me kom, og vaaga knapt draga Anden. Veg var
her ikkje, anna enn ein Smalaveg som ofte kom burt,
og leidsynt var her minst; Knausar og Berg stengde
alle Stadir. Og det verste var det som var reint dult.
Dei sagde nok at her ikkje var Troll; men det var det
knapt nokon som visste. Og so kunde her vera anna
rart. Underlege Fuglar og Dyr og Ormar og Drakar
og mangt utrulegt kunde vakne og glo, og stinge fæle
Skallar og Kjettar fram, og koma fljugande og
hoppande og krabbande og taka meg; so her var det nok
best aa sjaa seg fyri.

Eg saag meg fyri. Og for stilt. Og saag korkje
Dyr eller Troll eller Drakar. Men dei var her nok.
Dei laag og sov inn-i Fjelli og høyrde oss ikkje so
lett; men høyrde dei oss fyrst —. Eg vart snart
for stor til aa vera rædd; men heilt-upp trygg var eg
aldri.

I 12—13 Aars Alderen vart eg „Heiagjædar" der
uppe; daa var Mode ikkje stort. Men i Fyrstningi
hadde eg ein Gut fraa Thime med meg, og det hjelpte.
Eg kom elles snart etter at der var andre Ting enn
Trollskap, ein Gjætar kunde vera rædd. Skrubb var
her nok ikkje no lenger. Ikkje Bjørn heller. Men
Orm. Og Fant kunde fara; og Tora kunde slaa ned;
og Sauir og Lömb kunde koma burt; det var nok ikkje
beintfram aa vera Heia-gjedar.

Men det kom noko som eg ikkje hadde tenkt, og
som var verre enn alt: eg tok til aa lengte. Her var
so uhuglegt i Fjedlo. Og eg var so aaleine. Og so
mangt kunde hende; og so mykje fælt kunde eg faa
sjaa. Hadde endaa ho Ingeborg, Dotteri paa Snörest,
vori heime; ho var so ven og so snild. Eg hugsa
henne fraa fyrr, daa ho kom med Bær til Garborg,
store fine Blaabær, hjarteleg søte, og blodraude friske

leidsynt: soleis laga at ein ser Leidi.

19 - Garborg. VII.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0297.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free