Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
KN UDA HEI BREV
305
Og mykje Rikdom og fint Arbeid hev vori ned-ervt
fraa gamal Tid. Men i seinare Hundradaar hev det
meste av dette komi burt. Det hev vorti burt-ervt,
burt-selt, uppbrent, av-stoli. Av Hérfolk og andre
Røvarar og Tjuvar, og av den danske Styresmagt. Det
vesle som var att til vaare Dagar vart daa snart
burt-plukka av farande Utlendingar for Drammar og
Smaa-Mynt og kva som helst; det gjeng ikkje likare paa ein
Gard der Sjølvefolke er burte.
Mangeleis lyt eit Folk bøte som vert framandt for
seg sjølv. Heimsansen hjaa Nordmennane no er som
ventande kann vera i eit Land der Herrefolke helst
vil rekne Landsens Sogu fraa den Tid daa dei Framande
fekk Magti. Kvar skal ein taka norsk Heimhug fraa
i eit norskdanskt Land? Dei norske Minni som enno
stundom vert framfunne, dei lyt takke til um dei fær
so mykje som Husrom dessmeir. Eit Skip fraa
Gamle-tidi hev Fredrikshøgskulen i Kristiansby liggjande i ei
Bordbu som kven som vil kann setja Eld paa med ei
Fyrstikke.
Ein Dag vil Nordmennane vakne og spyrja seg sjølve
kvar det kann ha vorti av alle gjæve Minne fraa
Stor-tidir og Høgaldrar Lande rundt Daa vil dei faa vita
det: dei er burtsumla. Og dei vil riste paa sine Hovud og
minnast det gamle Orde som er gjevi til Rettleiding
for Folk som vil „lengi liva i Lande" sitt. Men seint
vil det daa vera aa trega.
Det kostar aa vera Kar. Men aa vera Fant kostar
vel so mykje.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>