- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
304

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

304

KNUDAHEIBREV

kje lati nokon av Haugane vera i Fred, hadde dei fyrst
vori ute.

Men dei rotar i Haugane al Stad. Hovdingar reiste
deim; Høkerar riv deim. Fenden i Fedrane; er der
noko me kann gjera Skjelingar utav? Eller Bøkar,
Doktorhattar? — Gravfred? Her er kje Gravfred i
Norig for andre enn deim som betalar for seg.

Mykje er nok elles ikkje aa finne lenger. Korkje i
Haug eller Hov. Det som ikkje vart teki av Danskane
er selt for ein Drikkeskjeling til andre „Brørar". Ei
Samling i Sverig til Upplysning um svenskt Folkeliv
og gamall svensk Kunst skal kunna vise fram 1300
Stykke berre av gamle norske Ølbollar.

For Sverig eig Norigs Sogu no, liksom Danmark
aatte ho fyrr Sjølve den norske Kongen let — og
læt — dette skure. Rimelegt nok. Den norske
Kongen er Svenskekongen no, liksom det fyrr var
Danskekongen.

Den norskdanske Staten er ender og Gong ute i
seinare Tid og skrapar Skovune. Men naar Folke
skynar at Staten vil ha noko, set det Prisane upp. Det
hev selt vaare gildaste Ting til Svenskar og
Engels-mennar for ein Drikkeskjeling og ein Dram; no krev
det Herrepengar for ei Flintepil.

Jæren i gamle Dagar var ikkje nokon
Husmannsplass. Magt og Rikdom samla seg endaa meir fyrr enn
no ved Havkanten. Dertil trur dei no at Jæren hev
vori bygd alt i den Tidi daa hin Lande laag under
Isen. Mange Sjøkongar hev siti fram-etter Nesi her,
og Hovdingar styrt upp-etter Bygdom.

I Sogu-Tidi, og fyrr ikkje mindre, vil eg tru, hev
me havt store Herrar paa Jæren. Sume er nemnde i
Sogo, som Eirik paa Oprastad, Morfar til Olav
Tryg-vason; han budde paa den Garden som enno heiter so
(Aabrest); seinare hev Sogo eit Namn som Erling
Skjalgsson. Andre Hovdingsæte hev her vori, som Tu
(Tun); der finst det enno ein gamall Tingstad.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0312.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free