- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
307

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KN UDA HEI BREV

307

det upp for meg, at den Presten eg høyrde her sist,
— det var Lars Oftedal.

Det var ikkje Tvil; eg hugsa det greidt. Det breide
Andlite yvi den sterke Halsen saag eg med ein Gong
att. Lars Oftedal var det og ingin annan. Minne
vart so livande at eg reint gløymde den Presten eg
no hadde for meg.

Og heile den Tidi kom for meg att. Eg hadde kje
trutt stort paa „han Lars" den Gongen. Fraa
Lærarskulen kom eg og hadde mine Meiningar uppgjorde:
Lars Oftedal var ikkje kyrkjeleg. Han var ikkje
Prest. Han braaka og staaka som ein Lækprædikant.
Men so hadde eg tenkt: lat gaa! ein skal prøve alt;
lat meg likso godt ein Gong ha høyrt Lars Oftedal!

So sat eg daa her og høyrde ’n. Han var god! —
paa sin Maate. Der var noko lutherskt eller
ameri-kanskt djervt i Maaten hans; og det kunde eg godt
skyna tok Bøndane. Det var so eg mest laut smile
stundom. Smari Fyr; modig Maur. Han visste kvar
han skulde finne deim, han ; Lars Oftedal kjende nok
Sauine sine. Lækprest; grovtenkt; det høyrdest uliklegt
fraa ein Preikestol sümt av det han kom med; men
han fekk Magt med Bøndane, det kunde ein . . . det
. . . kunde ein alltid — —

Med ein Gong var desse kloke Tankane burte for
meg. Eg hugsa kje lenger Lars Oftedal. Eg visste
kje kven det var som tala; men han tala til meg.
Ende fram til meg. Som det kunde vera han Far,
eller ein annan av mine eigne. Eg sat der fjetra,
raadlaus, mest rædd ; visste kje kvar eg skulde gjera av
meg. Han kom so beint innpaa meg; her vart ikkje
Umrøme; det var som eg vart tekin i Aksline og
haldin fast. Han tala til meg som ein Mann med sin
Næste. Og Gud betre meg; Mannen hadde Rett.
Han hadde Rett. Kor kunde ein no gaa so
tankelaus gjenom Verdi — —

Lars Oftedal stod paa Preikestolen og tala Jærbumaal.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0315.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free