- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
308

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

308

KNUDAHEIBREV

Men eg vart berga. Han gleid inn i
Stavanger-slengen att. Og var paa nytt Lars Oftedal, den
framande Presten med sine serskilde Maatar og Faktir.
Han tala ikkje lenger til meg.

Eg Tosken! Der hadde eg og so nær lati meg
fange av Kunstine hans. Glup Fyr; faarleg Fyr; jau
det skulde sjaa ut: Jærbumaal paa Preikestolen !

— Men der sat som ein Skjelv i meg lengi etter

den Stundi i Nærbø-Kyrkja.

*



Det er elles ikkje i Kyrkja ein skal gaa, um ein vil
hava Greide paa Trudomslive hjaa Folke. Kyrka, det
er Staten; men Folke treng her anna enn det som
Staten kann gjeva.

Me fær endaa vera glade so lengi Staten ikkje
forfylgjer Folketrui. Hans Nielsen Hauge var den siste
som leid for Trui hjaa oss, soleis beintfram. Og
endaa kann ein vel knapt segja det var for Trui han
leid ; naar dei var etter ’n, so var det for Skuld den
kyrkjelege Orden. Det galdt ikkje Trui; det galdt kven
som skulde forkynne Trui. Kyrkja meinte at berre
dei skulde forkynne som Riksmagti sette til det; for
dei var upplærde i den Trui som Rike vilde hava;
og kva skulde ein elles halde seg til? At dei daa
sette fast Hauge, som meinte seg aa vera Guds Tenar
utan Kongebrev, det var ein sjølvsagd Ting som ingin
rett Rikskyrkjemann kann hava noko aa segja paa.

Rikskyrkja greider alt paa beste Maaten. Forkynner
Rikstrui etter Uppskrifti og er Kantor for Gifting,
Barnedaap, Jordfesting og andre „kyrkjelege
Forretningar". Alt skulde daa gange godt. Guds-Rike og
Heims-Rike hev i Rikskyrkja funni kvarandre.

Men Folke trur ikkje paa det. Folke held seg til
Orde um at Guds Rike og Heims-Rike stend imot
kvarandre. Og at naar dei held Lag, so er det berre

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0316.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free