- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
309

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KN UDA HEI BREV

309

av di Kyrkja hev bøygt seg under Verdi. Det er dei
smaae og lite vyrde, dei som maa lide vondt og
som ingin bryr seg um utan naar det spyrst etter
Skattar og Tyngslur, det er dei som høyrer Jesu
Gudsrike til; difor maa dei og lide i Verdi. Jesu Sveinar
fekk aldri Embætte og Lønir. Dei maatte lide vondt,
vart pinte, forhøyrde, drepne; og so vil det meir eller
mindre vera med dei rette Jesu-Sveinane all Tid.
Jesus vil sende deim ut i Folke utan Kongebrev. Og
dei vil maatte liva millom Folke, i Armod som Folke,
og tala Sanningi for Folke til Refsing og til Trøyst;
ja liksom Jesus maa dei segja Sanningi jamvel til dei
store i Verdi, og til dei som gjeld for Lærarar og
rettvise, anten dei no kallar seg Præstar eller Farisæar;
og det maa Jesu Sveinar gjera um dei ikkje fær anna
for det enn Hat og Spott. Dette er dei rette Prestane,
dei som er Jesu frie Sveinar og ikkje talar Orde for
Løn, men for Sanningi Skuld, og ikkje av Lærdom
men drivne av Anden. Og dei maa, som Jesus, som
Apostlane, som Profetane, som alle Guds rette Tenarar
paa Jordi, vera budde paa aa faa smaka Magti naar
som helst; ja dei maa vera budde paa Dauden i dei
Tidine naar Sattan hev Magti.

Det er ugreide Ting. dette; aa skilja millom sanne
og falske Profetar er ei vand Sak. Jamvel i
Apostel-tidi var ikkje det so greidt. Men vaar Kyrkje hev
bøygt seg for Folkekrave no, i ein høgare verdsleg
Visdom. Og det er visst det beste dette. For er ein
Preikar av dei falske, so vil det sjeldan vara lengi
fyrr det kjem upp; men vert han forfylgd, so vil Folke
tru paa ’n mest kva han lærer.

Likevel var Lækmanns-Arbeide i Haugetidi betre
enn det sidan hev vori. Ikkje um den „sæle
Dauden" savla Preikarane daa; dei vakte Folke til Liv,
til det glade sterke kristelege Live. Den som livde
vel vilde døy vel. Der var Minningar etter dette alt
ned i mi Tid. Eg hugsar fra Barne-Aari ein og

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0317.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free