- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
311

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KN UDA HEI BREV

311

vart sistpaa mest rart at Folk sagde Jæren og
Stavanger og ikkje likso godt Judæa og Jerusalem.

Eg kunde tenkje meg at han hev drøymt um aa
verte heilt-upp Herre yvi Lande her, ein stavangersk
Salomon eller sovori, dei tusund Kvendi ikkje
fraa-rekna. Hev han havt slike Draumar, so naadde han
langt paa Veg. Han er i det heile eit av dei mest
forunderlege Tilfelle i Ny-Norigs Sogu.

Oftedals-Ridi var den stridaste av dei gudelege
Ridine her; dermed vart ho og som ei Slutning. Den
Dagen daa Chr. Bruun, „Oftedøl" sjølv, viste Lars
Oftedal fram for Folke fraa den Sida som fyrr snudde
inn, døydde det mykje Sjukdom paa Jæren. Og eg
trur at noko av det gamle klaare og kloke og gløgge
hjaa Jærbuen vakna att, eller held paa aa vakne.

IX.

Knudaheio 10. 6. 02.

Du Steinar!

–-Kor det stend til med den historiske

Sjølvkunnskap hjaa Folke vaart no fær ein mangeleis
merke.

Du veit Nordmennane skal vera so upplyste. Ein
Dag kom eg til aa nemne Færøyane. „Aa?" Dei
glodde og undrast; „Fæ . . . Fæ . . .; ja kor er no
det, skal eg segja?" Dotteri til Mannen er Lærar; ho
kjem smilande og segjer paa Bokdanskt: „men! Far;
du ved da hvor Færøerne er?" — „Aa! Fær . . .
øerne naa; ja dei skulde eg vel ha høyrt gjeti," segjer
Gamlingen. Han kunde ikkje vera so fin som Dotteri
han, stakkar.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0319.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free