Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
KN UDA HEI BREV
329
Eg sat i Røykje-Rome paa Eimbaaten og freista aa
drive Tidi med eit Blad; det var ein der som skreiv
um norsk „Forretnings-Udygtighed".
So kom det eit Par andre inn og sette seg. Dei
Fekk noko aa drikke og kveikte Røykjepinnane sine;
sat so der og røykte og rødde; den eine, han som
førde Orde, ein Graatass paa ikring seksti, var visst
fraa Kristianssand; den andre, ein Unggut aa kalle,
rødde mindre, endaa han var Bergensar.
Etterkvart laut eg høyre etter. Dei brydde seg
ikkje meir um meg enn eg brydde meg um deim;
men den gamle kom med eitt og anna som høvde so
ihop med det eg las, at eg fullt so godt kunde bruka
Øyro som Augo.
— — Norsk Vare? sagde Graatassen. Duger ikkje
med norsk Vare. Ingin Nordmann kauper norsk Vare.
Nordmennane er Eskimoar som vil hava Glasperlur;
det maa ein Kaupmann hugse paa. Freistar han aa
faa anna innpaa deim so ryk han; „det fik bl. a.
jeg erfare, som du ved."
For i Ungdomen er ein Idealist, heldt Graatassen
fram. Ditt og datt vil ein hjelpe upp; und-so-weiter,
und-so-weiter. Duger ikkje, Guten min. Ein kjem
ingin Veg fyrr ein hev lært at Villmannen vil hava
Glasperlur. Tyskt Jugl, Farr! Det vil Nordmannen
hava.
Den unge lo litegrand. Det kom noko anna Drøs
som eg ikkje kunde fylgje med i; men um ei Stund
kvesste Graatassen i att.
Me norske duger ikkje til Kaupmennar! sagde han.
Ein norsk Kaupmann held seg aldri forsynt med det
han skulde hava. Og aldri kann han greide fraa seg
so mykje som ei Varesending utan Mistak eller
Gløy-ming. Gløyming, ja! — hugsar aldri ei Avtale. Ein
Kaupmann som gløymer, ha-ha! — Ein Nordmann
kann vera Hestehandlar, men annan Handel skynar
han ikkje. Finn du ein Kaupmann som duger her i
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>