Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
328
KNUDAHEIBREV
gjera noko av alt det Arbeide som paa dei Leidine
ligg ugjort. „Hildinakvade" hev vist oss kva den
Mannen duger til, og kva det i denne Vitskapen kann
hava aa segja at Granskaren stend paa norsk Grunn.
Takk maa Stortinge hava som fekk tvinga inn ein
— for det fyrste ein! — norsk Lærar paa
Fredriks-høgskulen i Kristiansby; der er Arbeid for mange.
Meir Samanheng med vaart gamle Aandsliv skulde
me og hava. Men du veit koss det er; me hev ein
Professor i russiskt men ingin i gamal-norskt. Det
heimslege er alltid Styvbarne i eit framandstyrt Land.
Du veit korleis det er med det ny-norske; Herrefolke
„skynar" det ikkje. Derimot skal Smaafolke sjølvsagt
skyna Herremaale. Men du veit: det er Magti det
gjeld. Med Framandmaale vert me norske haldne so
langt i Atterhand, at Framandfolke alltid vert det
fyrste.
Mykje er der og i det du skriv um „Grundstenene".
Men her er me daa i Arbeid. Ein Grundstein hev
me: Snorre; den andre fær me vel snart: Edda; den
tridje, som i andre Land plar vera den fyrste, steller
me med so smaatt: Bibelen. Men du veit at med
den hastar det ikkje her; dei norske bør vera kristne,
men fyrst gjeld det um aa faa deim norskdanske. So
er der tenkt paa Shakespeare so smaatt; og — ja;
endelaust mykje er her aa gjera. Men: smaatt —
smaatt; smaatt — smaatt; det er Takten for all norsk
Framgang, veit du.
Meir og meir lyt me faa av det største og det
beste. D’er nok berre Faatale som naar Høg-Tindane.
Men di fleire di betre. Og mange fleire vil i
Ung-domstidi naa upp til dei store paa norsk Veg enn paa
dansk; det er noko som eg kann skyna fraa mi Tid.
Di fleire av dei store me daa kann faa paa norskt, di
betre vil vaare Vokstr-Vilkaar vera.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>