- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
331

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KN UDA HEI BREV

331

Men dei fleste gjeng til Tyskland no som fyrr. Dei
kjenner seg tryggare hjaa framande. Jamvel Folk som
elles driv paa med innanlandske Ting, og Framgang
her heime, gjeng til Tyskland med Trygdepengane sine;
kjem ikkje paa anna. „Ja er det ikke snoddi med disse
Eskimoerne, du?"

„Det er meget i det du der siger, Onkel," sagde
den unge.

Den gamle heldt fram. Me hadde fem-seks norske
Trygdelag no; men minst sju Gongir so mange
utanlandske som arbeidde her i Lande. Og kvi skulde dei
ikkje det? Nordmennane var Heinfødingar og trudde
som alle Heimfødingar paa det framande. Staten like
eins. 1 andre Land krev dei Trygdir og Afgiftir av
framande Lag; her slepp dei framande lettast. „D’er
Eskimoen, ser du; det er den udødelige Eskimoen!" —

Eg lagde Blade fraa meg og rusla ut. Han hadde
so Rett denne Graatassen at — buff. Og enno segjer
eg huff. Me er oss sjølve like i all Ting, me Eskimoane!

Eit og anna Menneskje ser upp-um; og glad er eg.
Endaa eg inginting hev aa bjode paa; Matstelle mitt
er — naah! — I Dag kom det endaa ein Mann med
eit historiskt Namn og helsa paa meg; eg meiner ein
Mann med eit jær-historiskt Namn.

Prestane paa Lande i mi Tid var, jamsides med
Futane, noko paa Lag som Kongane fyrr; og hadde
me havt gode nok Sogumennar i Bygdine, so hadde
me fengi Sogur um Prestar og Futar liksom fyrr um
Kongar og Hovdingar.

Mange gilde og rare Preste- og Futesogur hev me
havt. Süme av vaare her ifraa hev eg sjølv høyrt, og
gløymt. Um Gunnerus vart mangt fortalt alt i den Tidi
han livde. Fyri Gunnerus var det Frost. Presten
Frost, ja; honom var der og Segnir etter. Like eins

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0339.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free