Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
332
KNUDAHEIBREV
høyrde eg eitt og anna etter Juel, ein eldre Prest paa
Lye. Endaa eldre var Bull, som skal ha vori ein
strid Kar etter som Orde gjeng. Ein Presteson som
longo sidan bleiv i Hinnalands-Vatne, var Son til
Bull, tykkjest eg hugse. Me kunde snart ha fengi ei
Sogubok 5.
Ein Mann som Mauland kunde her ha vorti ein god
Snorre. Enno finn han fram mangt um desse gamle
Prestane, alt um han mindre hev Segnir enn gamle
Protokolar aa ause av no.
Eit og anna fortel han meg som viser, at
Kantor-mennar hev desse gamle Prestemennane ikkje vori,
kva dei elles kann ha dugt til. Bøkane deira kann
vera reint snodige. Namn synest dei mill. a. aa ha
brytt seg lite um. Her er nokre Døme:
Gifte: „Skoleholder Ole Tjellands Søn og hans Brud"
(1776).
„Reyer Frøyland sin Søn og Elling Hognestad sin
Datter" (1792).
„En ung Person fra Høylands Sogn og en Pige som
har tjent i mange Aar hos Jacob Rafndal, hvor de nu
skal bo" (1798).
„Kiddel Søylands Søn og Enken som har været gift
i Hellelands Sogn og er en Datter af Ole Kyllingstad"
(s. A.).
Slikt som (Jon) sin Son gift med (Per) si Dotter er
heiltupp vanlegt i dei Tidir, segjer Mauland; gamle
Provasten Bull hev vori verst. Det var no berre
Bøndar au dette, maa-tru, so det var ikkje faarlegare
med det.
Dei norske Namni er Embættsmennane i det heile i
Beit med, ikkje minst Skrivarane. Gali skrivne vert
Namni alltid; Sigmund vert Simon o. s. fr.; ofte vert
Manns- og Kvendenamn rørde ihop; soleis vert Gitle
og Gitlaug baae tvo til „Gitle" eller „Gitleff"; Olav
og Olaug gjeng ihop til „Oluff", Gunnleik og Gunn-
1 Um Prestar paa Jæren sjaa O. A. Løwold: „Fra Jæderen".
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>