- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
355

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KN UDA HEI BREV

355

Trygt er her ikkje. Himilsbragdi er uklaar; noko
nytt vil fram; men det spyrst um det gamle hev gjort
ifraa seg. Eg vil tru det beste og slaa meg til Ro.

Berre Nordvest-Trolli maatf faa sova eit Bil . . .

*



— — — Paa Hognest lærer egjadarologi eller
Jær-kunne. Baade av ’n Eivind sjølv og av Bokhylla hans.

Me trur gjerne at alt hev vori so mykje betre og
gildare fyrr i Verdi. Og Von kann der vera i det
med: aa sjaa kor langt dei fyrr hev kunna koma.
For me maa daa kunna koma minst likso langt me, naar
me tek oss paa Tak. Men so kann det au gjeva
Mod aa sjaa at me i sumt hev vunni lenger fram enn
dei gamle. Og det hev me.

Soleis i Jordbruke.

I det 18de og heilt ut i Fyrstningi av det 19de
Hundradaare var Gardane so lite verde, at um Eigaren
trong eit lite Laan (som ei 30—40 eller 60—80
Riksdalar), so gjekk han til ein av dei Gardmennane
som hadde Pengar aa setja ut (Bankar var der ikkje)
og selde Garden sin for denne Sümen. Men
tok so Garden att paa Bygsle. Dette gjekk for seg
so jamt, at etterkvart vart Fleirtale av Bøndane
Leiglendingar, daa visst i sume Bygdelag. (Men sat endaa
tryggare paa Gardane sine daa enn no under
Bank-velde, um dei aldri so mykje er „Eigarar".)

Gardprisane var i det heile utrulegt laage. Stundom
var Gardane verdlause. Ja det hende at dei vart
liggjande unytta; det var ingin som vilde hava deim. So
vart dei Riks- eller den Gongen Kongs-Eign, og laag
unytta Aar etter Aar, eller vart burtbygsla avgiftsfritt,
og dertil skattefritt i Aara-Tal. Ein Gard paa Fosse
som for eit halvt hundra Aar sidan var tusund
Dalar verd, vart for hundra Aar sidan burtsett paa
slike Vilkaar. Ein Part paa Hognest vart i 1755 seld

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0363.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free