- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
354

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

354

KNUDAHEIBREV

svært mange umframt seg sjølv aa føde paa og gjøde

paa. Det er modigt aa vera Folke. — —

*



Dagen etter; Kveldykti.

Mi Sæl trur eg det lettnar.

Han er ikkje sætande. Det er stilt. Hösta stilt;
ikkje ein Gufs. Heile Lande med Havkvelven
utan-fyri ligg under sin ugreide Himil so rolegt som eit
Bilæte. Soli tek til aa sige; ho er noko raud. Himilen
yvi Have fin; vel blank, kannhende. Glansgul, bleikt
glimande; med lange ljosare Solgeisl.

Men her er Luft att. Og Land. Og Hav. Sjøen
er myrk, jønnblaa. Men bleikblank i Nordvest under

Soli. Gjev det kunde roe seg.

*



Seinare.

Det lid til Solabér. Lande ligg kveldkurrt fraa
Have til hit. Ein Blaa-Tone drøymer yvi Strand-Lina
og dei brune Heidane. Kveldklaare Vats-Speglar
blenkjer fram her og der, Aarre-Vatne nedst og nørdst,
skilt fraa Have med ei lang kvit Sand-Line.
Flatlands-gardane med vide Myrar og Moar tøygjer seg
draum-stilt upp-igjenom, til dess Garborgsaasen lyfter seg
roleg og stød. Litine her ovanum er ljosare, grønare.
Lande er nytt for Augo mine no, daa Regnskodda er
burte.

Du stormrivne Land, du Vindheim og Blaastrheim
æveleg, aldri er der noko so stilt som du, naar du er
still. Blankt og mjukt ligg Have ut-um deg som ein
Draum; blaa og ljos og uendeleg lyfter Himilen seg
yvi deg som ei Signing.

sætande: litande; „at stole paa". — hösta: „vel meget".
— Solgeisl, n.: „Solstribe ned gjennem Skyer". — Solabér:
„Solbjærg", Soleglad. — kurr: roleg.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0362.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free