Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
KN UDA HEI BREV
357
stiske Samlinger" fraa 1812 skreiv „Hans
Velbyrdighed" Løytnant Flor -— jamvel Løytnantar kunde hava
Vit paa Jordbruk i den Tidi, og det um dei var
velbyrdige endaatil — skreiv ei Utgreiding um Lista og
Jæren der han hadde fari i 1810 paa Kostnad av„ Det
kongelige Selskab for Norges Vel" ; ein ser her kor
langt Jæren daa stod til atters mot no, men ser og,
at der i sümt hev vori Framgang.
Baade Lista og mest Jæren „prangede", skriv
Løytnanten, „med overvættes frodige Agre", um dei no
ikkje var store; og der var „jevn Velstand", ja
litegrand Rikdom med, vunnin ved Handel; og han raaka
ikkje ein Tiggar korkje i Dalane eller paa „Jedderen",
skriv han.
Men paa heile Jæren reknar han berre 1200
Jordbrukarar, og det endaa han tek Husmennane med. Og
berre Helvti av desse avla so mykje at dei kunde
selja noko. Alt i alt reknar han at Jæren kunde selja
noko slikt som 8400 Tunnur Korn um Aare.
Jordi laag i Sameige og vart laakt steilt. Aakrane
vart spadde; dei var so fulle av Stein at Plogen
hadde vori ubrukande um dei hadde havt ’n. Og
Bonden saag seg ikkje Raad med aa faa Steinen burt.
Hausten var skral: 6V2—8 Foll Korn, 12V2 Foll
Jordeple. Skikkeleg Eng fanst det ikkje paa Jæren, so
nær som her og der inn-’med Byn; det som Bøndane
slog var berre noko Myrafjagg som der lite var Gagn
i. Dertil kom det vesle gode Grase som vaks
„millom Kampesteinar" paa Aaker-Reinane. Buskapen laut
gange ute um Vinteren med, naar det ikkje var for
mykje Snø; der fann han daa „ikke Føde, men
kum-merligen Livets Ophold".
Vegar fanst ikkje. Alt vart ført paa Hesteryggen,
eller paa Sjøen med Baat.
Andre Næringar enn Jordbruk var det smaatt med.
Fisken kunde slaa godt til stundom; men for det meste
var der lite paa Sjøen aa gjera. Hagebruk var knapt
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>