Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
358
KNUDAHEIBREV
nemnande. Av Arbeidsdrift vert nemnt Tiglverke paa
Sandnes.
„Landprang" (Skreppehandel) vart drivi, men altfor
mykje. Hadde ein Bondegut spara seg ihop eit Tjug
Riksdalar, so vilde han ikkje arbeide lenger men gav
seg til aa handle. Kaupte upp alt som var billegt aa
faa, og selde det austpaa, mest paa Kristianssandskanten,
der dei fekk meir for det. So sat Folk her heime og
kom i Beit.
Med Pengestelle var det ymis Ugreide. Smaamynt
fanst ikkje; so laut Kaupmennane i Byen og Bøndar
og andre paa Lande laga Pengar sjølve. Dei gav ut
Setlar paa 8 til 24 Skilling som dei sjølve gjekk gode
fyri. Men so vart det „en reen Oversvømmelse af
Papirlapper", av falske ikkje minst. „Hvem skal lide
Tabet for dem?" spyrr Hans Velbyrdighed. Me tarv vel
ikkje tvila um at det mest vart Bonden som fekk lide.
Det var Folkenaud daa som no. Lite Folk var der;
og dei som var laut liggje burte i Ufred. Jamt og samt.
I det heile kunde ikkje Bonden leige Folk;
Arbeids-lønine var — daa som no — for høge. Løytnanten
slær paa at ein burde sende Hérfolk ut til Arbeidshjelp
for Folk; det vart aldri noko av, kann du vita.
Det ser ut til at Kvinnfolki hev vori dei likaste i
den Tidi. Dei var nok galne etter Stas. Til Gilde
eller Kyrkje gjekk dei silkeklædde; Gullringar hadde
dei i Øyro, og, naar dei var gifte, paa Fingrane med.
Ja hadde dei eit Grand Raad gjekk dei med Gullkjedur
um Halsen. Men til Kvardags gjekk dei vadmaalsklædde
og arbeidde. Stellte Hus og Fjos, og spann og spøtte
og vov; Vevnaden skal dei mest ha lært av Madam
Zimmermann, ei Prestekone paa Haaland. Og
Jærbu-Kvinnfolki vart glupe til aa veva; det var dei til alt
ned-i mi Tid. Karfolke kann Flor mindre rose. Dei
var baade latare og mindre hendige. Men fine vilde
dei vera, dei med; til Høgtidsklæde kaupte dei By-Ty.
Vil me sjaa paa Tilstandi no, so skulde Mode vaart
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>