Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
KN UDA HEI BREV
373
Og Draumane tok meg; vakin saag eg Synir.
Rikt er Lande, og rikare vert det. D’er lite aa
syte for at her er mykje aa gjera; Tidi ligg for oss,
og Magti vaar kjem att. Smaatt um Senn vaknar Folke.
Og dei vaknaste ser Heimtuftir lyse der Hengjemyri
tøygde seg sur og arm.
Myrir og Lægdir vert Aaker og Eng; og Bar og
grønt Lauv skal løyne burt gamle Audnir og
Stein-røysir. Med tett sterk Skog stengjer me mot
Nordvesten og Havstormane; trygge skal Gardane liggje
att-um Lundar, og Hagar med frisk Alde og vene Blomar
skal lyse og lokke i kvar Livda Kraa. Og Folke, som
paa gamle Tuftir hev bygt Heimen sin ny, skal dyrke
Jordi og verja Skogen og stelle Hagane og ala og fange
Fisk og Fugl, og ha Glede i sitt Arbeid og Framgang
med si Avling og Hugnad i Heimane paa Land og i
Byar.
Den vonde Tidi daa Folke var framandt heime, og
Ungdomen rømde, og Fedrar og Mødrar gjekk trøytte
og aaleine paa vanstellte Gardar og sleit, og Voni var
burte fraa Arbeide og Hugnaden fraa Høgtidine, og
Gud var harm, og Eimar fraa Helvite laag yvi Lande
som ei vond Lukt, — den Tidi skal faa Ende og gaa
i Gløyme og ikkje vera meir. Folke skal friskne og
tru paa det gode og gjera godt Arbeid og hjelpe Lande
fram; og trygt skal det bu i sine Heimar so lengi Sol
skin og Storm reinskar og Regn doggar og Hav kved;
og det skal endaa ein Gong verte sant at Arbeid gjer
rik, og at eit Folk som held upp Minne um Far og
Mor skal liva lengi i Lande.
Du Jæren, du gamle Jæren, du myrke, ljosnande
Jadar fraa gamall Tid, me skal finne deg att og vinne
deg att, og byggje deg ny til du lyser mot Sky som
ein Apal-Lund paa den gamle Grunn framfor
Heim-borgi vaar, Framdraumen vaar, Norig det gamle og
det unge.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>