Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
372
KNUDAHEIBREV
Ei trygg Kjensle tok meg; eg høyrde heime her
likevel. Og her skulde eg ha livt og arbeidt. Arbeidt
og rudt og saatt; haldi Fedra- og Farsarbeide fram; og
berre agta meg so eg ikkje var komin paa Stortinge.
No laut det vera som det var. Eg fekk fara her og
svive att og fram og hit og dit, heimlaus med tri
Heimar, „et Offer for min Tids Vilfarelser, fallera"; Folke
mitt greidde seg nok meg forutan. — —
— Underleg i Lag, baade bøygd og sterk, tok eg
paa Heimveg med Hognestad-Karane.
*
Fram paa Morgonsida kom eg heim. Men eg hadde
kje Hug til aa leggje meg. Ute var ljost og fint;
Vinden sov; Dogg svala paa alle Straa, og i Lufti bleikna
det mot Dag; Seng og Svevn var berre ein Uting.
Paa Vesthimilen yvi Have dingla Maanen
morgon-bleik og skrinn; dei fyrste lette Sol-Vonir raudna i
Nordaust; eit Par smaae kvite Morgonskyir laag og smaasov
i Luftblaaen yvi Sikvalands-Kulo. Eg steig upp-aa Take
av Kongsborgi mi; der vilde eg sjaa Soli renne.
Storfint var det aa sjaa ut-yvi Heimlande no. Ven
og varm laag Jæren inn-aat Barmen av Have som
blika i Morgonsvevn lett; lengi stod eg og saag; lengi
sveiv eg skygnande att og fram; kvilte med i all denne
store Kvila.
I Nord steig Sola-Gardane og Tungenes gryande
fram av Nordhavs Dis og Draum; hit-yvi og aust-yvi
blaana i sterke Radir morgonsvale Fjell; i Sud steig
Bakkar og brune Viddir upp-yvi mot Synesvarden og
ut-yvi aat Have. Men helst søkte Augo mine ned-yvi
og heim. Til Hav-Ringen den bleike, til Lyngviddine
med grønkande Gardar og Vötn som av Sylv; beint
ned fram-for meg laag Garborgs-Gardkransen i roleg
Svevn, vel-h’vd og trygg under den breide Aasen.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023
(aronsson)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0380.html